Hopp til innhold

Vil nekte russisk båt los

– Me vil stoppe losen frå å gå om bord, seier ITF-inspektør Truls Vik Steder. Han vil ha ein russisk båt i Kristiansund til å gje mannskapet ein tariffavtale.

Reina

Det russiske skipet Reina ligg til hamn i Kristiansund. Der vil ITF halde det til mannskapet får ein tariffavtale.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Båten kom til Kristiansund fredag, og inspektørane frå den internasjonale transportarbeidarorganisasjonen ITF ville om bord. Kapteinen nekta.

Rune Larsen (t.v.) og Truls Vik Stede

Inspektør Rune Larsen (t.v.) i Norsk Sjømannsforbund og ITF-inspektør Truls Vik Stede er på hamna i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dei norske maritime organisasjonane vart kontakta av eit indonesisk mannskapsmedlem, ein maskinist. Han bad om hjelp i Russland, fortel Vik Steder.

Ingen tariffavtale

Då organisasjonen i Russland undersøkte skipet, kom dei til at det ikkje fanst ein tariffavtale for mannskapet som var om bord. Dette fekk dei tilbod om å ordne i Russland, men reiarlaget avslo. Sidan maskinisten ikkje fekk utreiseløyve frå Russland heim til Indonesia, vart han mønstra av båten, men var med om bord, på turen til Nordmøre.

– Me veit at reiarlaget ikkje ville gje maskinisten ein sluttkompensasjon, fortel Vik Steder. Han seier dei fekk forhandla dette fram då dei kom om bord i skipet fredag, og at maskinisten reiste heim laurdag.

Organisasjonen International Transport Workers Federation (ITF), organiserer over 600 fagforbund i meir enn 100 land, og har fleire millionar personar med i sitt nettverk.

Vil stoppe losen

Sidan mannskapet om bord ikkje har ein tariffavtale å halde seg til, og heller ikkje ligg an til å få det, varsla ITF skipet om at det vart lagt i boikott frå fredag. Dermed skulle ikkje skipet få hjelp av nokon på land i norske hamner. Ved hjelp av andre sjøfolk vart skipet likevel lossa, og fisken som skulle på land i Kristiansund er komen på land.

Einaste moglegheit for organisasjonen er no å stoppe losen som er bestilt til måndag kveld.

– Me vil stoppe han på gangvegen. Fysisk, seier Vik Steder, og viser til norsk lov om boikott.

Håper reiarlaget snur

Det er ITF som no prøver å presse reiarlaget til å gje sitt mannskap ein tariffavtale. Inspektøren håper at reiarlaget vil pålegge kapteinen å gjennomføre dette, når losen i ettermiddag ikkje får kome om bord i skipet.

– Når det er gjort, produserer me avtalar og nye tilsettingskontraktar for dei 16 som er om bord, seier Vik Steder.

- Trur du det skjer i dag?

- Eg håper det, men det har site langt inne heile vegen. Dei har ikkje vore interesserte i å forhandle med oss i det heile tatt, fortel han.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med kapteinen på skipet måndag.