Hopp til innhold

Den første tvangssamanslåtte kommunen får skiljast

Haram får skilje seg frå Ålesund og bli eigen kommune. Det stemte Stortinget for i dag. For mange i Haram er dette ein merkedag dei har venta lenge på.

 Trond Skjelten heiser flagget i Brattvåg

Trond Skjelten i Brattvåg heiser flagget.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

I Haram blei det feiring då det endeleg blei klart at det blir skilsmisse mellom Haram og Ålesund. Et stort fleirtal på Stortinget sa i dag ja til at Haram igjen skal bli ein eigen kommune frå 1. januar 2024.

Trond Skjelten i Brattvåg feira med å heise flagget då nyheita blei kjent.

– Dette blir ein ny flaggdag her. I dag og 17. mai blir likestilt, seier han.

Ålesund er dermed den første av kommunane som blei tvangssamanslått i 2017, som får skiljast igjen.

Ingen dans på roser

Haram blei slått saman med Ålesund i 2017. Det skjedde i Stortinget, og det blei gjort med tvang. Resultatet blei storkommunen Ålesund.

Men livet i nye Ålesund blei ingen dans på roser. Dei økonomiske problema skapte stor misnøye. I Haram blei det fremma krav om folkerøysting om Haram skulle få bli eigen kommune igjen.

Dei fekk det som dei ville. Politikarane i Ålesund sa ja til folkerøysting. Og svaret frå folket var krystallklart. 71,7 prosent av dei som stemte, ville ut av Ålesund.

Demonstrasjon Haram ut av Ålesund

Folk i Haram demonstrerte på rådhusplassen i Ålesund då politikarane skulle avgjere Haram si framtid.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Ville behalde to krinsar

Den neste runden blei dramatisk. Politikarane i Ålesund vedtok at dei ville søke om at Haram skulle få bli eigen kommune, men ville sjølve behalde to av krinsane. Det innebar at berre halve Haram fekk lausrive seg.

Dette blei møtt med sterke reaksjonar. Den løysinga som blei vedtatt, hadde ikkje blitt greidd ut på førehand. Det var heller ikkje blitt undersøkt om folk som bur i dei to krinsane, ville ha ei slik løysing.

Men slik blei det ikkje. Regjeringa gjorde kort prosess og køyrde over politikarane i Ålesund. Det inneber at heile Haram får skilje seg og bli ein eigen kommune.

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap), seier det er spesielt at Stortinget overkøyrde kommunestyret.

– Til tider har eg nesten mista barnetrua på det kommunale sjølvstyret. Men vi må jo berre akseptere at vi blei overkøyrd. Her har det nok vore ein dragkamp på bakrommet, og der har tydelegvis Arbeidarpartiet måtte gitt etter, seier ho.

Eva Vinje Aurdal Ordfører i Ålesund Kommune (AP)

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Stor dag for lokaldemokratiet

Etter debatten i Stortinget måndag kalla Jenny Klinge (Sp) det ein stor dag.

Dette seier noko om demokratiet vårt. Det er mogleg å gjere om på politiske vedtak som er ukloke. Det er ein stor siger for lokaldemokratiet, seier Klinge.

Høgre, Venstre og Kjell Inge Ropstad frå KrF stemte mot forslaget om å skilje ut Haram.

Vi meiner at Ålesund burde fått meir tid til å vise at dei kan bli den regionskommunen den har potensial til å bli. Det er for tidleg å gjere slik grep no, seier Helge Orten (H).

Jenny Klinge (Sp)

Jenny Klinge (Sp) meiner det er ein stor siger for lokaldemokratiet at Stortinget no gjenopprettar Haram.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Ein tragedie

Men nyheita blir ikkje like godt mottatt av alle. Terje Fagerli er skuffa og meiner gamle Haram høyrer til i Ålesund.

– Det ville ha trygga framtida for barn og barnebarn. Eg er heilt overtydd om det ville ha styrka nordvestlandet, i konkurransen mot Bergen og Trondheim. Derfor synest eg det er ein tragedie at Haram skal oppstå på ny.

Terje Fagerli holder barnebarnet sitt

Terje Fagerli skulle ønske at Haram blei verande i Ålesund og trur at det ville sikre framtida til barnebarna.

Foto: Silje Thalberg / NRK

– Dei unge vil ut

På kulturkafeen i Brattvåg sit venninnene Mathilde Skarbø Giske (17) og Ajla Selak (17). Dei er begge einige om at det er best at Haram forlèt Ålesund.

– Dei fleste unge vil ut av Ålesund, seier Selak.

Ho meiner tilbodet til unge blei dårlegare då Haram blei ein del av Ålesund.

– Eg saknar gamle Haram for der fekk vi det som vi ville. Ålesund tok frå oss alle pengane, og no får vi ikkje fikse bana vår eller få nye ting på skulen eller slikt, seier ho.

Ajla Selak (17) sitter med venninnen Mathilde Skarbø Giske (17)

Mathilde Skarbø Giske (17) og Ajla Selak (17) er fornøgd med at Haram no blir eige kommune igjen.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Slutt på årelang diskusjon

Berre to år etter at Haram kommune blei tvangssamanslått med Ålesund, er det klart for skilsmisse. Det skal Johan Grytten feire.

Eg har eit flagg eg kanskje vil heise, ler han.

Samstundes ser han fram til å bli ferdig med diskusjonen som har ført til at mange naboar ikkje er på talefot lenger.

– Går det an å legge ned stridsøksa no?

Det burde det gjere. Det er ikkje noko meir å tulle med. No må vi berre gå vidare.

Eit stort fleirtal på Stortinget seier ja til at Haram kommune igjen blir eigen kommune med sine gamle grenser. Dermed blir Ålesund splitta opp.