Er du ein av dei som har planlagt noregsferie i sommar, har du garantert vore innom tanken om å køyre Trollstigen. Her kan ein snirkle seg i sikksakk frå havnivå og opp i over 1000 meters høgde, og satse på at bremsene held når du skal ned igjen.
Frå og med i ettermiddag kan tanken om eit besøk bli ein realitet. Etter å ha vore vinterstengd, blei brøytemannskapa endeleg ferdige. Først i køen sto eit fransk reisefølgje.
– Vi høyrde frå eit anna fransk par at vegen skulle opne i dag, så vi berre reiste opp, seier Lucie Voisinne.
Saman med kompisen Ewen Lecomte har ho reist Europa rundt i ein varebil i fem månader, og er overbegeistra over naturen i Noreg.
– Noreg er fantastisk. Av alle landa vi har besøkt i Europa, er dette landet med flest fossar og fjellandskap, seier dei to.
Det var lange køar då bommen til Trollstigen blei opna torsdag klokka 13. Det var pensjonert byggleiar David Grøvdal som fekk opne vegen. No får han ein eigen sving kalla opp etter seg i Trollstigen.
Foto: Ty Myrene / NRKUvanleg sein opning
Allereie frå midten av mai brukar tusenvisa av turistar frå inn- og utland å legge inn Trollstigen på GPS-en. Men store snømengder, snøskred og steinskred har skapt store utfordringar for opninga av Trollstigen i år. I mai blei det rapport om snøskred som hadde øydelagt både vegen og eit kafebygg. Midt i oppryddinga gjekk eit stort steinskred.
Først i dag var alt klart.
– Dette må vere rekord, eg har aldri sett det slik dei åra eg har vore her, seier Roar Vikhagen, som er byggleiar i Fylkesveg.
Han seier det har vore mange som har vore oppom og banka på bommen dei siste vekene.
Det er alltid spennande å følgje med når skiltet med "stengd veg" kan fjernast.
Foto: Berge Myrene / NRKMange med ski i bilen
Det var ei lang, lang rekke av motorsyklar og bubilturistar som sto venta på å trø på gassen då bommen opna i ettermiddag. Blant dei var også fleire lokale skikøyrarar. Det er gjerne konkurranse om å vere først opp på fjelltoppane i området.
Først når vegen opnar er det råd å kome seg dit.
– Eg reknar med at mange har ski i bilen i dag, seier Vikhagen.
Vegsambandet Trollstigen er snart 100 år gamalt og er del av 18 unike vegstrekningar i Noreg, dei Nasjonale Turistvegane.
Trollstigen er eit ynda fotomotiv.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto