Hopp til innhold

Steinblokk ved Trollstigen gjorde at arbeidsfolk måtte forlate område

Dei som skulle rydde opp etter raset som gjekk på Trollstigen i vinter måtte forlate området i all hast i dag. – Ingen vil bli tatt av ras, seier kafedrivar Edmund Meyer.

Trollstigen

Ei rasvakt på Trollstigen oppdaga at det rasa ei steinblokk frå fjellet Bispen. Dermed måtte arbeidsfolket ut av området.

Foto: Edmund Meyer

Edmund Meyer

Edmund Meyer gler seg til at Trollstigen blir opna att etter både ras og koronapandemi.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Snøskred gjorde skader både på kaféen og vegen til turistattraksjonen Trollstigen i Romsdal i vinter.

No arbeider entreprenørar på spreng for å reparere den populære vegen, men torsdag måtte dei ut av området. Då rasa det ei stor steinblokk ved fjellet Bispen. Steinen landa i Bispesvingen.

– Vi vart litt skremde der og då. Ingen vil bli tatt av steinras, seier Edmund Meyer, som driv Trollstigen Kafe. Kafeen har så store skader etter vinterens ras at den mest truleg ikkje blir opna for sesongen.

I staden skal Meyer drive matsal frå ei vogn. I dag var han på veg opp til Trollstigplatået vogna, men den er så stor at han kan ikkje snu i dei krappe svingane. No må han berre vente på at den store steinen blir fjerna.

For Meyer kom ikkje steinspranget overraskande.

– Alle veit at når ein bur på Vestlandet er ein ikkje hundre prosent garantert at det ikkje kjem stein, seier Meyer.

Det var Åndalsnes avis som først omtalte saka.

Les også Snøras har fylt kafebygget på Trollstigen – opninga av turistikon blir utsett

Trollstigen kafé truffet av snøras

Geolog skal undersøke

Roar Vikhagen, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, seier at dei hadde rasvakt som såg steinblokka kome. Då var det berre å avslutte arbeidet og kome seg ut av området. Fredag morgon kjem det geolog for å undersøke raset.

– Vi får forhåpentlegvis klargjort området. Så ryddar vi og held fram arbeidet, seier Vikhagen.

Han trur ikkje torsdagens hending får innverknad på opningstidspunktet for Trollstigen. Vikhagen forstår at folk som arbeider der kan bli skremt når det rasar, men seier at dei har utarbeidd ei risikovurdering.

– Det er utriveleg når slike ting skjer, men dei taklar det godt dei var der oppe, seier Vikhagen.

Roar Vikhagen på befaring i Trollstigen.

Roar Vikhagen håper at geologen skal gi klarsignal på at det er trygt å halde fram arbeidet på Trollstigen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Gler seg til vegopning

Edmund Meyer håper at Trollstigen skal opne neste veke, slik at besøkande igjen kan kome. Han har gledd seg ekstra til denne sommaren etter to år med pandemi, som har gjort det tøft for turistbransjen.

Så kom det eit stort ras som ramponerte bygninga, men Meyer er likevel optimistisk med tanke på den komande turistsesongen.

– Vi skal ikkje gi oss, dette skal vi klare. Det er litt fandeninvoldsk, seier Meyer.