Hopp til innhold

Lagar låtar heime i kjellaren på Kvamsøya

Songar og låtskrivar Lisabeth Brekke Sylthe «LIZZ» blei oppdaga på Facebook. No har ho fått platekontrakt og opplever stor suksess med sin første singel.

Lizz

Songar og låtskrivar Lisabeth Brekke Sylthe «LIZZ» blei oppdaga på Facebook.

Foto: Remi Sagen / NRK

Lisabeth Brekke Sylthe frå Kvamsøya har vore aktiv musikar i ei årrekke. Mange av låtane har ho laga heime i kjellaren på Kvamsøya.

– Når eg var 13 år starta eg å spele gitar og skrive litt. Eg trivst godt i kjellarstova. Det er der magien skjer, seier LIZZ.

Oppdaga på Facebook

Dei siste åra har ho også delt ein rekke videoar på mellom anna Facebook.

Lizz

LIZZ er glad i musikk og har skrive eigne songar sidan ho var 13 år.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Mykje av det har eg filma sjølv, men eg har også fått mora mi og andre til å filme for meg. Nokre gongar spurte eg heilt tilfeldige som gjekk forbi på gata, seier LIZZ.

Og sjølv om LIZZ bur på ei lita øy med rundt 250 innbyggarar, har ho greidd å nå mange fleire takka vere internett og Facebook. Det var også slik ho fekk sitt store gjennombrot. I mai blei ho nemleg oppdaga av Alf Aarseth i Flan Booking.

– Det var eigentleg heilt eksepsjonelt. Først forstod eg eigentleg ikkje kva som skjedde, det var ganske utruleg. Men så møtte eg med han og han ville jobbe med meg, seier ho.

Førre veke signerte ho ei platekontrakt med selskapet Tylden & Co etter at den første singelen hennar har fått fleire titals tusen avspelingar på Spotify.

Variert musikk

LIZZ fortel at ho har ein variert musikksmak og at det også går igjen i låtane ho lagar.

– Eg er veldig glad i forskjellig musikk frå ulike sjangrar. Eg klarer ikkje å plassere meg i ein bås, seier ho.

Til no har ho gitt ut to låtar, og det er enno fleire i vente.

– Ja, planen er å gi ut enkle singlar utover året, seier LIZZ.

Høyr LIZZ synge låten «Carry» live i studio: