Hopp til innhold

– Eg har litt hjartebank heile tida

Ein utselt stadionkonsert, studioinnspeling og ein sommarfest utan like er berre noko av det selskapet Momentium har på planen denne veka.

Ante og Lars Giskeødegård

Denne veka arrangerer Momentium ein stor stadionkonsert i Ålesund og ein festival på Giske.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det er full aktivitet ved Momentium sine lokale på Giske utanfor Ålesund. Telefonen ringer jamt og det er enno mykje som skal gjerast på kort tid. Mange frivillige er allereie i sving og rigginga av festivalområde går føre seg for fullt.

– Så langt går det veldig bra. Det er store ting som skal skje. Eg er spent og det blir utruleg kjekt å kome i gang, seier Lars Giskeødegård.

Det er han og fetteren Ante Giskeødegård som er gründerane bak Momentium. Selskapet har vakse kraftig sidan oppstarten i 2008, og er i dag ein sentral aktør innan kulturlivet i Norge.

Satsar stort

Momentium er ein av Norges største festivalarrangørar og er kanskje mest kjent for festivalane Ålesund Live, Jugendfest og Sommerfesten på Giske. Dei er sentral i drifta av Ocean Sound Recordings på Giske og i 2015 opna dei også Terminalen Byscene i Ålesund. I år har dei tatt eit steg vidare og arrangerer sin første stadionkonsert. Og heller ikkje det er eit lite arrangement.

Ante Giskeødegård

Ante Giskeødegård fortel at dei har jobba mot konserten med Elton John lenge.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Torsdag 30. juni kjem Sir Elton John til Sunnmøre og Color Line Stadion. Dette er ein av dei største konsertane som har blitt arrangert her i regionen. Førre gong det var ein stadionkonsert av denne storleik var i 2006 då A-ha spelte på den same arenaen. Den gong var det nær 15.000 publikumarar. Til torsdagens konsert er det selt i overkant av 17.000 billettar.

– Det er den største stadionkonserten i regionen nokon sinne, og laurdag er det venta over 17.000 besøkande til Sommerfesten på Giske. Det er med andre ord snakk om mykje folk i løpet av eit par dagar, seier Ante.

Dei to gründerane fortel at dette er noko dei har jobba for i lengre tid.

– Dette er eit resultat av at vi har gjort mange store festivalar og bygd opp kompetanse og eit nettverk rundt oss. I tillegg har vi jobba mot ein stadionkonsert i sju-åtte år og no kan vi hauste fordelane av det kulturarbeidet vi har lagt ned tidlegare, seier Ante.

– Forhåpentlegvis er dette starten på ein av mange store konsertopplevingar i åra som kjem, seier Lars.

Ante og Lars Giskeødegård

Førebuingane til dei to musikkarrangementa til Momentium føregår for fullt.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Høg puls

Laurdag er det også venta omtrent 17.000 besøkande til Sommerfesten på Giske. God planlegging i forkant er viktig for å lukkast med to så store arrangement i løpet av den same veka, meiner Lars Giskeødegård.

LARS BERG GISKEØDEGÅRD

Lars Berg Giskeødegård fortel at det ligg mykje planlegging bak dei to arrangementa.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi har brukt mykje tid på å fordele ansvar, legge planar og hente inn den kompetansen vi treng for å gjennomføre begge arrangementa. Det er to store kulturarrangement som skal gjennomførast, så vi må vere førebudd på det meste.

Arrangørane har nemleg lite tid til å kvile mellom dei to hendingane.

– Til vanleg har vi litt tid til å få igjen pusten, men no har vi ein kjempestor festival to dagar etter, så no er det full gass, seier Ante.

Med berre eit par dagar igjen, innrømmer dei to at pulsen er litt høgare enn til vanleg.

– Eg har litt hjartebank heile tida. Det er ei blanding av forventning, spenning og litt angst. Og mykje sjekking på yr, seier Lars lattermild.

– Du håper alt skal gå bra, at vi kan gjere jobben vår utan problem og at folk får det kjekt. Eg søv alltid litt mindre desse vekene, men det går fint. Vi kan ta det igjen neste veke, smiler Ante.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL