Hopp til innhold

– Det som låg på bordet var ingen god avtale

Svært mange skuleelevar får ekstra lang sommarferie i år. Lærarane har i uravstemminga ropt eit rungande nei til avtalen med KS og går ut i streik.

Svært mange skuleelevar får ekstra lang sommarferie i år. Lærarane har i uravstemminga ropt eit rungande nei til avtalen med KS og går ut i streik. Det er spørsmålet om kor lenge lærarane skal vere bundne til å vere på skulen som har utløyst konflikten.

Sjå TV-reportasjen: Lærarane går til streik til hausten.

Det er spørsmålet om kor lenge lærarane skal vere bundne til å vere på skulen som har utløyst konflikten. Lærarane, som har KS som arbeidsgjevar, har sagt nei til tariffavtalen og det blir streik etter sommaren.

73 prosent sa nei

Ina Enoksen

Ina Enoksen meiner det er heilt på sin plass at lærarane går til streik frå hausten av.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Det var knytt stor spenning til utfallet av uravstemminga der om lag 93 000 lærarar skulle ta stilling til ny tariffavtale med KS. Meir enn to tredelar røysta og 73 prosent sa nei.

– Det som låg på bordet var ingen god avtale for lærarane. Vi har forsøkt i mange år å få til ei forbetring av avtalen som vi har hatt. Det har ikkje KS vore med på. Tvert imot, seier Ina Enoksen som er hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet i Ålesund.

Redde for å miste fleksibilitet

Engasjementet blant lærarane har vore stort. Konflikten gjeld ikkje minst kor lenge lærarane skal vere bundne til å arbeide på skulen. Dei er redde for å miste fleksibiliteten dei har hatt.

– Det er den mistilliten som KS viser lærarane, heilt frå vi skulle begynner å forhandle om arbeidstidsavtale, så har dei gått ut med noko som dei har oppfatta som rein provokasjon, seier Enoksen.

– Verst for 1.-klassingane

Utdanningsforbundet er i streik. Førebels er det berre ein skule i Bergen som er teken ut. Men når alle skulane normalt skal starte til hausten, er det mange som kan få forlenga sommarferie.

– Det er ikkje kjekt for ungane, og spesielt ikkje for 1.-klassingane om skal kome på første skuledag. Men forhåpentlegvis blir det slik at når dei først kjem, så kjem dei til ein betre skule med lærarar som har nok tid til å førebu seg og gje god kvalitet i undervisninga, seier Enoksen.

Ifølgje forbundsleiinga vil det bli gjort eit unntak for 1.-klassingane, slik at dei møter læraren sin første skuledag.

– Overraska over lærarane

Knut Støbakk

Leiar i KS i Møre og Romsdal, Knut Støbakk, er overraska over at lærarane stemte nei til tariffavtalen.

Foto: Brede Røsjø / NRK

KS-leiaren i Møre og Romsdal, Knut Støbakk, er overraska at lærarane no går til streik, trass i at det lenge har vore ein spent situasjon mellom dei og arbeidsgjevaren.

– Partane klarte gjennom mekling å kome fram til ein avtale som kommunane som arbeidsgjevar har godkjent. Derfor overraskar det meg at det var så massiv motstand frå medlemmane si side.

Støbakk trur det kan gå mot å bli ein langvarig streik.

– Eg vil tru at streiken vert trappa opp frå Utdanningsforbundet si side, og så vert det tvungen lønsnemnd til slutt, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL