Hopp til innhold

Kvar tredje tv-sjåar følgde Severin

469 000 sjåarar følgde første episode i serien om Severin Rønes måndag kveld. 32-åringen frå Sykkylven blir å sjå på NRK1 to gongar i veka dei neste seks vekene.

Severin Rønes

Severin har lært å tilpasse seg vind og vêr. No får tv-sjåarane ta del i livet på Røneset.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Severin Rønes

Severin må i båt for å kome seg til fastlandet.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Med unntak av tre nyheitssendinga, Puls på NRK1 og TV2-serien Frikjent, var serien om einebuaren på Røneset det mest sette programmet måndag, med ein marknadsdel på 31,6 prosent.

Sjå programmet i nett-tv her.

Fekk friarbrev etter tv-debut

Severin blei første gong kjent for norske tv-sjåarar då Oddgeir Bruaset kom på besøk. Etter at «Der ingen skulle tru »- episoden frå Røneset rulla over tv-skjermane i 2009, ringde mobilen hans i tre døgn og han fekk friarbrev i hopetal.

Severin Rønes

Geitene på garden er kjæledyra til Severin.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sakte-serien om livet på den veglause garden i Sykkylven er eit samarbeid mellom NRK Hordaland og NRK Møre og Romsdal. Dei neste seks vekene blir serien å sjå måndagar og onsdagar på NRK1 klokka 2015.

Severin Rønes

Husa på garden rommar historia til familien Rønes i sju generasjonar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Historia om den unge mannen som sa opp jobben for å bu på den fråflytta familiegarden fenga mange i 2009. Den nye serien viser livet på Røneset, som er både tungvint og idyllisk på same tid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL