Hopp til innhold

Einebuar Severin viser draumelivet på TV

Sist gong bonden Severin Rønes (32) var på tv, tok han damene med storm. Mannen som bur på ein veglaus gard, vart nedlesst med friarbrev. No dukkar han igjen opp på skjermen.

Severin Rønes
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

På kjøkkenbenken ligg eit fenalår. For ikkje lenge sidan høyrde låret til ein villsau. Kjøtet er dekt med grovsalt alle stader bortsett frå på eit område. Der har det sjølvsagt kome mugg. Severin Rønes veit råd. Han skjer bort det bederva stykket og tar på meir salt. Fenalåret heng han opp til tørk og skal ha til snacks når det vert ferdig.

Det er måndag og favorittdagen til 32-åringen, som NRK har laga eigen dokumentarserie om. Severin har gått av ei vekes vakt på oppdrettsanlegget der han jobbar. Dei neste sju dagane har han turnusfri. Måndagane er heilage for Severin. Då er einaste planen å slappe av og ete god mat. Heilt åleine.

– Det er ikkje slik at alt går i sakte tempo sjølv om eg bur på ein gamal gard. Det er mykje som skal gjerast, fortel Severin Rønes.

Severin Rønes

Severin brukar mykje tid på å lage god mat. Han prøver å vere mest mogleg sjølvforsynt på garden med kjøt og fisk.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Lei av jobben

Noko skjedde ein junidag i 2005. I ei ørlita primitiv hytte på ein seterstøl i Sykkylven sit 22 år gamle Severin Rønes og et tørka pastagryte frå ein turpakke. Vatnet koker han på gassbluss. Severin har sagt opp den trygge jobben på møbelfabrikken. Her har han jobba i fem år, men kjenner seg som ein fisk på land. Livet er rutine. Stå opp, gå på arbeid, stå ved ei maskin, gå heim, ete middag. Alle dag er lik.

Det er ikkje slik Severin vil ha det. Difor har han pakka ullklede, fjellsko, fiskestong, sovepose og liggeunderlag. Og store mengder turmat. No sit han på familiens seterstøl og funderer på om valet er rett. Er han sprø som har sagt opp jobben utan ein annan plan?

Han får rikeleg med tid til å tenke. Dei neste månadene lever han mest mogleg ute i naturen. I telt, i gapahuk. Jaktar og fiskar. Prøver å finne roa. Den roa han har lengta etter sidan han var 17 år. Men roa kjem ikkje med ein gong. Han er einsam. Det tar tid å venne seg til å vere åleine.

– Eg ville ha eit friare liv der eg var min eigen herre. Dei rundt meg lurte på kva eg tenkte på. Eg lurte litt sjølv også, seier Severin.

Friåret skulle endre livet til den unge mannen og sende han til ein veglaus gard som besteforeldra forlét i 1967. Garden Rønes i Sykkylven har blitt Severins paradis. Her han han budd i 10 år.

Severin Rønes

Severin er heilt avhengig av båt for å kome seg dit han vil. Den viktigaste kunnskapen han har lært er om ver og vind på Røneset.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vart kjendis

Severin er flink å prate for seg og likar vanlegvis å ha selskap av andre. Men ein gong skulle det bli for mykje også for den sindige sunnmørsmannen. Det var då Oddgeir Bruaset kom på besøk og velta om på heile livet til Severin. Etter at «Der ingen skulle tru»-episoden med Severin Rønes gjekk på fjernsynet i 2009, ringde mobilen til Severin ustanseleg i tre døgn. Folk frå heile landet ville prate med den nye kjendisen. Det var fedre som lurte på om han ville gifte seg med døtrene hans, det var fulle folk som prata tøv, han fekk friarbrev i hopetal og det var kvinner som endå til sende nakenbilete av seg sjølv.

Severin vart nesten sjuk av heile oppstyret. Han gløymde å ete. No utset han seg for det same ein gong. NRK har følgt Severin med kamera eit heilt år. Denne gongen føler han seg meir budd på kva som ventar.

– Det er ikkje sikkert at eg vert like tilgjengeleg som sist på telefon. Eg skal i alle fall hugse å ete. Og eg har eit heilt støtteapparat frå NRK bak meg, seier Severin.

På Røneset

Bølgene slår rytmisk inn mot land på Røneset. Vinden har løya litt, men det bles framleis friskt. På andre sida av fjorden har bygdefolket fått besøk av sola. På garden som ligg vêrhardt til på eit nes i Storfjorden er det sol berre to minutt om dagen no i mars.

– Det beste med å bu her må vere å vakne til lyden av bølgjene, seier Severin.

Han har på seg tjukk grå genser med termodress utanpå. Bunaden sin, kallar han antrekket. Høge slagstøvlar høyrer til Rønes-folkedrakta. Dei toler både sjøvatn og alle geiteparlane som ligg tett i tett på marka. Han har både villsau og geiter på garden.

Dagane fyller han med jakt, fiske, skogrydding og vedlikehaldsarbeid. Han er slett ingen «handyman» og titt og ofte må han ringe bestefar og be om råd.

– Det aller viktigaste er kunnskapen om vêr og vind, seier 32-åringen.

Severin har aldri angra på at han forlét møbelindustrien. I staden fekk han jobb som røktar på eit oppdrettsanlegg i nabokommunen Stranda. Og nettopp difor var det at han kunne leve ut draumen om å flytte til Røneset og kome tettare på naturen. Han bur på oppdrettsanlegget ei veke og har turnusfri veka etter. Med rib-båt tar det berre 25 minutt for Severin å kome seg på jobb.

Severin Rønes

Geitene på garden er kjæledyra til Severin. Dei er der for å halde han med selskap og å pleie kulturlandskapet. Geitene kjem aldri på Severins middagsbord.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ramla på sjøen

Livet åleine er ikkje for pyser og fleire gongar har Severin fått eit ublidt møte med det våte element.

Severin kjenner at han sklir ned den bratte skråninga. Ørnereiret ligg høgare oppe enn han trudde og i sakte fart er kroppen på veg ut i den kalde fjorden. Severin går under med heile kroppen. Han er ikkje redd. Berre flau. Han burde ha visst betre. Karar seg opp i båten og drar heim for å ta på tørre klede.

– Eg skal ikkje berre romantisere det å bu her. Det er ganske tungvint, seier Severin.

Alt er mykje vanskelegare utan veg. Det er ikkje berre å stikke innom butikken i full fart. Båten er framkomstmiddelet hans og ofte er vêret så dårleg at han ikkje kjem seg nokon stad. Enkelte gongar har vinden kome brått på når han er ute i båt og det er så vidt han har klart å kjempa seg i land. Det er heller ikkje alltid han får start på båten.

– Eg har blitt sint mange gongar fordi eg har vore nøydd om å ro over heile fjorden, men slik gjorde forfedrane mine det heile tida. Dei hadde ingen motor, ler Severin gjennom eit barskt skjegg.

Severin Rønes

Det beste med å bu på Røneset, er å vakne opp til bølgeskvulp, meiner Severin.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Høyrde etter lydar

I sju generasjonar tilbake har Severins familie livnært seg på den vêrharde garden. Inne i dei to kvite husa som står på tunet er det minne frå alle dei som ikkje er meir. I den eine stova står ei skuveseng frå 1800-talet og over alt er der gamle bilete, kister, dukar og møblar.

Ofte tenkjer Severin på korleis forfedrane har hatt det og kor mykje dei måtte stole på eigen kunnskap. Dei hadde inga vêrmelding å sjekke før dei la ut på rotur kvar søndag for å gå i kyrkja.

– Røneset var ein attraktiv stad å bu. Fjorden var jo dåtidas E6, ler Severin og ser utover den stille fjorden. Ikkje ein båt er å sjå.

Severin Rønes

Severin har både fjernsyn og internett, men ingenting slår ei god bok.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Den første tida åleine på Røneset gjekk Severin og høyrde etter lydar. Han vil ikkje kalle seg mørkeredd, men tenkte på korleis han ville reagere dersom nokon plutseleg stod i stova hans. Det gjekk ikkje lang tid før han vente seg til alle knirkelydane frå dei gamle husa. Dei første åra han budde på garden kunne han vere åleine fire-fem veker utan å sjå folk.

– Eg vart sjenert når eg var på butikken fordi det var så lenge sidan eg hadde prata med andre. Eg handla det eg skulle og såg ned, fortel Severin.

No går det aldri så lang tid utan å vere sosial med andre at han rekk å bli«folkestygg»

Gamle bilete på Røneset

Husa på garden er full av gamle minne.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Fest på garden

I vintermånadane er det fredeleg på Røneset, men om nokre veker skal bruset av bekken og lyden av bølgjene snart bli overdøyvd av høglydte gjestar. Rundt om på heile garden kryr det av sitteplassar. Benkar i både tre og stein. Slekta til Severin er glad i å kome på besøk, og 32-åringen spøker med at han sikkert har plass til 200 personar. Han har ikkje tal på kor mange grillstader det finst på garden. Nok til å mette ei stor slekt eller venegjeng.

Det er ikkje berre sitteplassar Severin har rikeleg av. Han har også store mengder ved og reiser ofte til skogs for å hogge meir. Veden brukar han til å halde husa varme, men på sommarstid er det badestampen som må få opp temperaturen.

– Det kan aldri bli nok ved, er mottoet til Severin.

På vinterstid får badestampen som står på kaia med utsikt over fjorden vere i fred. Det tar seks timar å få vatnet varmt. Severin vel heller å dusje innandørs når han er her åleine. Sjølv om husa er frå 1800-talet er dei utstyrte med både oppvaskmaskin og vaskemaskin.

Severin Rønes

Det går mykje ved på Røneset for å halde varme i husa. Severin har vedlager fleire stader på garden.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Hans-Olav Landsverk og Severin Rønes

Fotograf Hans-Olav Landsverk har følgt Severin gjennom eit heilt år.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Angrar ikkje

Det hender ofte at Severin tenkjer tilbake på tida då han tok det store valet og bestemte seg for å bli ein friare mann. Tørka turmat med smak av pastagryte har han langt opp i halsen og kjem neppe til å ete meir. Men titt og ofte besøker han selet der han låg i soveposen for 10 år sidan og lurte på om valet var riktig.

Lukka for Severin er å kunne nyte klippfisk som han har laga heilt på eiga hand, sjølvskoten hjort eller eit lammelår frå eigen villsau. Så får det heller vere at det denne eine gongen vart for lite salt på kjøtet. Men Severin veit alltids råd, og det er ikkje verre enn å skjere bort det som ikkje vart perfekt.

32-åringen føler han er privilegert som får leve slik. Og når han ser kor travelt alle andre har det med jobb og trening og fritidsaktivitetar, nyt han det ekstra.

– Det å tore å fylgje draumen min, er det luraste eg nokon gong har gjort, seier Severin.

Severin Rønes

For Severin er det fast ritual å ta med kaffikoppen ut på trappa og finne roa.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
Røneset