Hopp til innhold

Druknar i frieri

- Heilt vanvittig, seier Severin Rønes frå "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".

På vitjing i havgapet

Ikkje reint få kunne tenke seg å dele badestampen med Severin Rønes frå søndagens 'Der ingen skulle tru at nokon kunne bu'. Over 100 henvendelsar har han fått etter tv-programmet.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Etter at NRK programmet denne søndagen fortalte historia om den unge mannen som driv ein veglaus gard ved Storfjorden, har han fått over 100 telefonar, sms og epostar.

- Mange jenter går rett på sak, så eg har fått ein del friarbrev, seier han.

Sjå programmet her: Storfjorden på Sunnmøre

Ikkje kven som helst

Men sjølv av at han no vassar i frieri er Severin Rønes snar til å påpeike at livet på garden ikkje er for alle.

- Eg vil gjerne finne den rette jenta, men det kan ikkje vere kven som helst som vil bu her, seier han.

- Det er tungvint å bu her på vinterstid, så du må ha interessa og gløden for det. Ein må sjå muligheitene og dei positive sidene.

Strandgarden Røneset

Besteforeldra til Sverin levde av å drive garden, men flytta til kommunesenteret i Sykkylven på 60-talet. Sidan den gong har slekta besøkt garden ofte og Severin har gjort alvor av draumen om å flytte tilbake.

- Mange drømmer om noko slikt, så eg føler meg veldig heldig som har muligheita, seier han, men påpeiker at han ikkje er fastlåst på garden.

- Den dagen eg skulle føle meg einsam så tek eg ikkje mykje for å pakke kofferten og reise.

Alle skal få svar

No vil han setje seg ned og svare alle som har skreve og sendt epost til han.

- Eg hadde aldri venta at det skulle bli slik, men no får eg bruke litt tid på å svare alle saman. Det hadde vore litt arrogant å ikkje gjere det, seier 26 åringen.

Her kan du også laste ned sesongens episodar av "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" frå NRK sine nettsider.