Tysdag morgon melder politiet at gutens tilstand er uendra og framleis kritisk.
Guten hadde lege fleire minuttar under vatn då han like etter klokka 19.30 måndag kveld vart henta opp frå om lag sju meters djupne av mannskap frå Volda brannvesen.
Helse Møre og Romsdal er i dialog med St. Olavs Hospital i Trondheim, men inntil vidare blir guten behandla ved Ålesund Sjukehus.
- Les også:
– Heltemodig
Tenåringsguten skal ha bada saman med ein yngre bror på Årneset badeplass i Volda då ulukka skjedde. Guten og familien er flyktningar busett i Volda.
Ei jente som bada på Årneset prøvde å redde den 14 år gamle guten.
Foto: MAGNE JONNY KRUMSVIKIfølgje politiet prøvde 14-åringen å svømme ut til ein flåte om lag 20 meter frå land. Men under symjeturen skal han ha fått vanskar og gått under.
– Ungdomar i nærleiken oppdaga kva som hende og ei jente dykka fleire gongar ned for å få han opp, utan å lukkast, seier fungerande lensmann Grete Hjelle i Volda og Ørsta.
Ho er imponert over innsatsen til jenta.
– Det var veldig heltemodig av ho og bra gjort. Det viste seg nemleg at det var svært djupt der ulukka skjedde, seier Hjelle.
Får hjelp av kriseteam
Alle naudetatane rykte ut til staden og mannskap frå brannvesenet lukkast til slutt å få guten opp på land.
Grete Hjelle, fungerande lensmann i Volda og Ørsta, fortel at familien til den 14 år gamle guten no får hjelp av helsepersonell.
Foto: Andrine DavidsenDet vart med ein gong sett i gang hjarte- og lungeredning før 14-åringen vart transportert i ambulansehelikopter til sjukehuset i Ålesund, der han no vert behandla på intensivavdelinga. Tilstanden er framleis kritisk, men stabil.
Tenåringsguten si næraste familie blir no varetatt av helsepersonell.
– Allereie i går kveld var vakthavande lege heime hos familien. Dei har også fått tilbod om kriseteam. I tillegg har det vore ein miljøarbeidar på staden som snakkar deira språk, seier Hjelle.
Også ungdomane som var involvert i den dramatiske hendinga får no hjelp av den kommunale krisegruppa i Volda kommune og politiet.
Lensmann Grete Hjelle fortel at politiet vil etterforske saka på ein rutinemessig måte.