Hopp til innhold

– Vi gjorde alt vi kunne for å redde guten

VOLDA (NRK): Dei ni jentene frå Volda kjempa ein fortvilt kamp for å redde 14-åringen som hamna under vatn på Rotevatnet i Volda måndag. Dei var på veg heim frå bading og trening då dei høyrde rop om hjelp.

Volda jenter

Frå venstre: Bodil Brænde Helle, Sara Øvstebø Dyrhovden, Julie Brænde Helle, Johanna Vikan Bø, Astrid Sætre Lid, Julie Vigdal Kolnes, Sara Marie Krumsvik. Ikkje på bildet: Lea Lillestøl Magerøy og Maren Brende.

Foto: Frode Berg / NRK

Jentene fortel i dag for første gang historia om kva som hende dei dramatiske minutta då 14-åringen hamna under vatnet. Dei har venta med å fortelje om hendinga til det blei klart at det går bra med guten.

Guten er no stabil og har ikkje lenger behov for intensivbehandling. Han er utanfor livsfare, er vaken og vert stadig betre.

– Vi blei letta då vi fekk vite at han har overlevd utan skadar. Men før vi fekk vite det sleit vi alle saman. Vi har vore redde for at det ikkje skulle gå bra, seier Sara Øvrebø Dyrhovden til NRK.

Sara Øvrebø Dyrhovden

Sara Øvrebø Dyrhovden seier ho blei svært letta då ho fekk vite at det gjekk bra med den 14 år gamle guten.

Foto: Frode Berg / NRK

– Eg har hatt ein klump i magen sidan måndag. No når vi veit at det går bra, er klumpen borte. Eg kjende han ikkje godt, men eg er veldig letta, seier Johanna Vikan Bø.

– Folk har vore ganske nedpå. Men etter i går har alt sett mykje lysare ut. No er vi berre glade for at han overlevde og at det går bra, seier Julie Brænde Helle.

Var på veg bort frå staden

I timane før ulukka hadde jentene bada og trent volleyball i området. Nokre var på veg heim, andre var i garderoben for å skifte. Plutseleg høyrde dei veslebroren til guten som hamna i vatnet rope. Guten ropte om hjelp.

Då skjønte vi at noko var gale. Vi rakk ikkje å tenke, vi berre sprang rett ut i vatnet. Vi prøve å symje ned i vatnet for å sjå om vi kunne finne han under vatn, fortel Sara Øvrebø Dyrhovden.

– Eg tenkte på det eg hadde lært om livredning i åttandeklasse. Og eg trudde eg skulle klare å få han opp. Men han var alt for langt nede i vatnet, seier Johanna Vikan Bø.

Johanna Vikan Bø.

Johanna Vikan Bø seier ho har hatt ein klump i magen heilt sidan måndag. Den klumpen forsvann då ho fekk vite at guten er vaken og har ei god utvikling.

Foto: Frode Berg / NRK

– Eg var i bilen, men høyrde veslebroren rope. Eg skjønte fort at vi måtte ut i vatnet. Eg var ganske sjokka, og veit ikkje om eg tenkte så mykje. Eg tenkte berre at eg måtte ned i vatnet og at vi måtte finne han, seier Julie Brænde Helle.

Blei skuffa

Jentene såg den 14 år gamle guten, men hadde ikkje sjanse til å kome seg ned til han. Dei prøvde alt dei kunne, men klarte ikkje å kome seg djupt nok. Dei klarte å symje fleire meter ned i vatnet. Men guten låg på sju meters djup, og så langt ned var umogleg for dei å kome.

– Eg trur alle vi blei skuffa over at vi ikkje klarte å kome ned til han. Vi hadde forventningar om at vi skulle klare å nå tak i han. Men vi skjønte ikkje at han låg så langt nede, seier Sara Øvrebø Dyrhovden.

– Det var godt at vi var fleire, så vi turte å dykke ned. Men det var langt ned og vi klarte ikkje å kome ned til han. Eg følte meg hjelpelaus og tenkte at han kom til å drukne. Det var ikkje lett, seier Jule Brænde Helle.

– Ei stund vart det hysterisk

Jentene prøvde fleire måtar å hjelpe guten. Ei av dei sprang etter tau. Dei tenkte at dei kanskje kunne klare å kome ned til han for å feste eit tau i han og hale han opp.

– Men eg klarte ikkje få laus tauet, så eg var eigentleg oppgitt, seier Sara Øvrebø Dyrhovden.

Julie Brænde Helle

Alt ser mykje lysare ut no, seier Jule Brænde Helle.

Foto: Frode Berg / NRK

– Etter kvart blei eg ståande å skrike. Eg skreik at det måtte kome folk, at han ligg nede i vatnet og at han ikkje kunne ligge under vatn lenger. Eg følte at det gjekk svært lang tid. Ein periode var det ganske hysterisk, seier Jule Brænde Helle.

Jentene ropte etter meir hjelp og etter kvart kom ein ambulanse. Deretter kom også brannvesenet til staden. Då fekk jentene beskjed om at det ikkje var så mykje meir dei kunne gjere. Brannvesenet hadde med seg dykkarutstyr og dermed vart det mogleg å få guten opp av vatnet.

– Saka blei feil framstilt

I ettertid har jentene opplevd at saka har blitt feil framstilt.

– Vi har reagert på at det har blitt skrive at vi var på brygga og at det berre var ei av oss jentene som dykka etter guten. Det er feil. Vi var ikkje i nærleiken av vatnet då det skjedde. Og det var fleire som dykka. Det var litt ubehageleg. Det verka på det som blei skrive at vi ikkje hadde gjort alt vi kunne, seier Sara Øvrebø Dyrhovden.

Ulykke i Volda

Etter ei stund kom både ambulanse, brannvesenet og politiet til staden.

Foto: Magne Jonny Krumsvik

Sara Øvrebø Dyrhovden presiserer at dei ikkje såg det som skjedde då det skjedde. Hadde dei gjort det ville dei ha kasta ut livbøye og truleg redda guten. Ho føler likevel ikkje at nokon klandra dei for å ha gjort for lite, og seier at alle støttar jentene.

– Vi har snakka med foreldre, trenarar og politi og det har vore mykje fram og tilbake om vi skulle kommentere dette eller ikkje. No når vi veit kva som har skjedd, at det går bra med guten, så vil vi gjerne rette opp i det som har vore skrive.

– Eg også opplever at alle støttar oss, men det er feil framstilt når det står at vi sto på brygga og såg at han drukna. Vi har vore litt redde for at folk skulle tru at det var sant at vi sto ein meter frå han og såg at han drukna, seier Johanna Vikan Bø.

– Også eg vart sjokkert og sint då eg såg kva som var skrive. Men eg visste kva eg sjølv visste. Vi hadde klart å redde han om vi såg kva som skjedde. Her bidrog alle jentene. Alle gjorde ein innsats. I ettertid har vi tenkt at vi gjorde alt vi kunne, seier Julie Brænde Helle.

Bada med yngre bror

Den 14 år gamle guten bada saman med ein yngre bror på Årneset badeplass i Volda då ulukka skjedde. Guten og familien er flyktningar som er busett i Volda.

Ifølgje politiet prøvde 14-åringen å symje ut til ein flåte om lag 20 meter frå land. Men under symjeturen fekk han vanskar og hamna under vatn.

Alle naudetatane rykte ut til staden og mannskap frå brannvesenet lukkast i å få guten på land.

Det blei sett i gang hjarte- og lungeredning før guten blei send til Ålesund sjukehus.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL