Hopp til innhold

Er ikkje roa av pengegaranti frå staten: – Vi har jo bestandig vorte snytt på vekta

Regjeringa vil krevje utsleppsfrie hurtigbåtar og ferjer og lovar å betale for det. I ferjefylket Møre og Romsdal vil dei ha noko meir handfast enn berre lovnader.

Ferjer ved Molde ferjekai.

Kring 200 ferjer går på kryss og tvers av fjordar og ut til øyer i Noreg, som her frå Molde. Kring ein fjerdedel av desse er i dag utsleppsfrie.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Onsdag kom nyheita at regjeringa ynskjer eit krav om at alle nye ferjer og hurtigbåtar skal vere utsleppsfrie innan eit par år.

Både stortingspolitikarar og næringa sjølv gler seg over at kravet endeleg kjem, men i ferjefylket Møre og Romsdal er dei forsiktige med optimismen.

I mars kom det forslag om kutt i ruter som vart skildra som ein massakre av ferjetilbodet i fylket.

Alle ferjesamband (utanom ei einaste sommarrute) og nesten alle hurtigbåtane vart føreslege kutta i. Nokre lokalsamfunn ville miste kollektivtransporten sin heilt, medan andre mista transport på ettermiddagane eller i helgene.

Leiar av samferdsleutvalet i fylket, Kristin Sørheim frå Senterpartiet, fryktar at krav om nullutslepp for ferjene og hurtigbåtane kan verte katastrofalt om ikkje staten stiller med nok pengar.

Kristin Sørheim står på ei kai i Tingvoll. Bak ho ser vi fjorden og bygda på andre sida.

Kristin Sørheim er glad for kravet om nullutslepp, men vil ha ein handfast garanti om pengar på bordet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ho meiner Møre og Romsdal vil måtte kutte i ferje- og hurtigbåttilbodet som det er i dag, ikkje minst om det vert lovfesta krav om utsleppsfriheit.

– Kanskje til og med leggje ned hurtigbåtdrifta, og det vil vi jo ikkje.

– Men samferdsleministeren seier at dei har planar om å kompensere for dette, trur du ikkje på han når han seier det?

– Nei, vi har jo bestandig vorte snytt på vekta når staten har sagt slike ting, seier Sørheim.

Les også Vil krevje nullutslepp for hurtigbåtar innan to år

Hurtigbåten Nørvøy på veg frå Langevåg over til Ålesund. Hurtigbåten går sakte på eit roleg hav, og skodde dekkar delvis dei snødekka sunnmørsfjella i bakgrunnen.

Vil ha meir handfast lovnad

Fleire stortingspolitikarar har sagt at dei er nøgde med forslaget frå regjeringa.

– Men no er dei nøydde til å sørge for at det kjem pengar raskt på plass, slik at fylkeskommunane har tryggleik for at dei vert kompensert, seier Lars Haltbrekken.

Han er Sosialistisk Venstreparti sitt einaste medlem i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Lars Haltbrekken, klimapolitisk talsperson i SV

Lars Haltbrekken er glad for at regjeringa vil lovfeste krav om utsleppsfrie ferjer og båtar, men meiner pengane burde ha kome på bordet samstundes.

Foto: n21857 / n21857

Det var hans fylke, Trøndelag, som i 2022 droppa krav om utsleppsfrie ferjer då dei skulle lyse ut åtte samband på anbod – nettopp fordi det vart for dyrt og at staten ikkje tok stor nok del av kaka.

– Vi meiner regjeringa bør sjå på moglegheita for å få innført krav om nullutslepp der også, seier Haltbrekken.

Terje Halleland, som også sit i miljøkomiteen på Stortinget og er energi- og klimapolitisk talsperson for Framstegspartiet, etterlyser også meir konkrete garantiar om pengar.

– Det er avgjerande at regjeringa stiller med føreseielegheit for fylkeskommunane. Med dette forslaget vil fylkeskommunane vert pålagde svindyre løysingar som mange av dei allereie har avskrive grunna kostnadane, skriv han til NRK i ein e-post.

Stortingsrepresentant frå Høgre, Liv Kari Eskeland, meiner det regjeringa la fram var repetering og har vore kjend lenge.

Det som har mangla er at staten stiller opp for fylkeskommunane som går i front. Dette presseutspelet gjer heller ikkje lovnader om slik oppbakking frå staten, skriv ho i ein e-post til NRK.

Les også No kjem ferjekutta – nesten alle samband i Møre og Romsdal vert råka

Ferja Suløy som går mellom Sulesund og Hareid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL