Hopp til innhold

Det politiske samarbeidet havarerte fordi ferjeprisane auka

Frp nektar å godta høgare billettprisar på ferjene i Møre og Romsdal. Dermed blir samarbeidsavtalen med Høgre skrinlagt.

Ferjesambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya

Billettprisane på fylkesferjene i Møre og Romsdal kjem til å auke med ei takstsone.

Foto: Arne Flatin / NRK

Møre og Romsdal fylkeskommune er i ei økonomisk hengemyr og må gjere dramatiske grep for å få kontroll på økonomien.

Frp lova veljarane at billettprisen på ferjene ikkje skulle røyvast, men at det heller skulle kuttast andre stader.

Tysdag vedtok fylkestinget å auke fergetakstene med ei takstsone. No meiner Frp at Høgre har brote samarbeidsavtalen dei hadde.

Frank Sve

Frank Sve er gruppeleiar i Frp.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi har ikkje lenger noko budsjettavtale med Høgre, seier gruppeleiaren i Frp, Frank Sve, til NRK. Sve vil ikkje utdjupe dette noko nærare.

At dei to partia ikkje lengre samarbeider betyr at dei må hente fleirtal i fylkestinget frå sak til sak.

Billegare billettar

Etter eit massivt ferjeopprør i 2019 mot høge ferjeprisar blei det innført gratis ferje og lågare billettprisar fleire stader i landet.

Monica Molvær (H) lovde pendlarane at det ikkje skulle bli dyrare å reise med ferje i Møre og Romsdal. Det løftet klarte ho ikkje å halde. Likevel forsvarar ho standpunkta Høgre har tatt i fylkestinget.

 Monica Molvær (H)

Monica Molvær (H) såg ikkje anna moglegheit enn å auke takstane på ferjene.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

– Det har vore veldig krevjande. Men vi ser ikkje andre moglegheiter. Vi er nøydde til å gjere nokre grep dersom vi skal drive ansvarleg, seier Molvær. Politikarane har allereie vedteke kraftige kutt i administrasjonen.

Den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen er så alvorleg at dei kan hamne på Robek-lista dersom det ikkje blir gjennomført naudsynte kutt. Det inneber at ein ikkje lenger har kontrollen over eigen økonomi.

Møre og Romsdal har den høgaste lånegjelda blant alle fylkeskommunane i landet.

Skuffa over dyrare ferje

Dagleg leiar i ferjeaksjonen, Henrik Dalelid Vedde, er skuffa over vedtaket i fylkestinget.

– Det blei lova at ferjeprisane ikkje skal aukast. Om det er fem- seks kroner, her er det prinsippet som tel. Eit løfte er eit løfte, seier Vedde, som sjølv er lokallagsleiar for Frp i Sula.

Ferjeaksjonen har vore i dvale i fleire år, men Vedde seier at dei fylgjer nøye med og dersom aukar ferjeprisar blir ein trend må dei vurdere å sette i gang igjen.

Han forstår at fylkespolitikarane er i ein skvis og må gjere upopulære kutt. Vedde meiner ferjedrifta har vore underfinansiert med fleire millionar dei siste åra og meiner stortingspolitikarane må vakne.

– Det verkar som vi ropar for døve ører her oppe, seier Vedde.

NRK har lagt inn ei presisering om at Vedde også er lokallagsleiar for Sula Frp

Henrik Dalelid Vedde på ferjekaia på Sulesund. Bak han står tavla som viser at neste ferje til Hareid går kl 11.10 og 11.30

Henrik Dalelid Vedde er skuffa over at politikarane braut løftet om å ikkje røyve ferjetakstane.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK