Hopp til innhold

Krigshistorikar og Kompani Linge-mann Ragnar Ulstein (99) er død

Motstandsmannen og forfattaren Ragnar Ulstein (99) er død. Ulstein var blant dei yngste i Kompani Linge under andre verdskrigen.

Ragnar Ulstein

Krigshistorikar, Kompani Linge-mann Ragnar Ulstein frå Ålesund er død, 99 år gamal.

Foto: Bård Siem / NRK

Ragnar Ulstein frå Ålesund døydde tysdag morgon, opplyser familien.

Ulstein blei fødd 19. april 1920 i Ulstein i Møre og Romsdal. Han var ein framståande motstandsmann under andre verdskrigen.

Ulstein var løytnant i Kompani Linge. Han var med i fleire operasjonar, mellom anna ved landgangen i Reine i Lofoten i desember 1941.

Frå hausten 1944 leia han oppbygginga av heimestyrken med kodenamnet «Siskin» i Sogn.

Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein var blant dei yngste i Kompani Linge under andre verdskrigen.

Foto: Privat

– Unik

Ragnar Ulstein har sett spor etter seg, både som motstandsmann og historikar.

– Ingen enkeltperson har samla inn material om krigsinnsatsen som det Ragnar Ulstein gjorde. Kombinasjonen av å vere krigsdeltakar og historieforteljar gjer han unik. Ragnar Ulstein skreiv bindstore verk om englandsfarten, sverige-trafikken og etterretningstenesta under krigen. Dette er verk som blir ståande som standardverk i mange, mange år, seier førsteamanuensis Frode Færøy ved Hjemmefrontmuseet til NRK.

Dekorert motstandsmann

Ragnar Ulstein

17. april i 2016 blei det avduka ein statute av Ragnar Ulstein i Ulsteinvik.

Foto: Frode Berg / NRK

Ulstein fekk tildelt mellom anna St. Olavsmedaljen med to eikegreiner, Deltakarmedaljen, Haakon VIIs 70-årsmedalje og britiske Military Medal for sin innsats under krigen.

For arbeidet etter krigen blei han tildelt Kongens fortenestmedalje i gull og Forsvarets heiderskross.

Ragnar Ulstein utmerka seg med å vere med i heile tre skarpe operasjonar under krigen.

– Ulstein var ein av dei siste attlevande frå Kompani Linge. Han deltok aktivt under krigen i tre skarpe operasjonar. Lofotenraidet i Reine i Moskenes, sabotasjen mot tyske krigsskip i operasjonen Vestige utanfor Nord-Gulen, og deltakinga i operasjon Siskin i Sogn var dei viktigaste skarpe operasjonane Ulstein var med på, fortel Færøy.

– Gjekk til kjeldene

Under arbeidet etter krigen var Ragnar Ulstein spesielt oppteken av å snakke direkte med kjeldene, som hadde førstehands kunnskap om hendingane. Gjennom arbeidet med bøkene sine intervjua Ulstein 1200 krigsdeltakarar.

– Lydfestinga av desse intervjua representerer eit svært verdifullt kulturhistorisk materiale. Innsamlinga som Ragnar Ulstein gjorde etter krigen er av heilt uvurderleg verdi, seier Frode Færøy til NRK.

I 1941 flykter 21 år gamle Ragnar Ulstein til England og går inn i motstandskampen. Etter krigen bytter han ut våpen med penn som journalist, forfatter og historiker.

I 1941 flyktar 21 år gamle Ragnar Ulstein til England og går inn i motstandskampen. Etter krigen bytter han ut våpen med penn som journalist, forfattar og historikar.