Hopp til innhold

Forsvarsministeren: – Ragnar Ulstein er ein av våre store krigsheltar

Motstandsmannen og forfattaren Ragnar Ulstein (99) blei gravlagt i dag. Kronprins Haakon og Forsvarsministeren var gjestar i gravferda.

Frank Bakke-Jensen heldt minneord over Ragnar Ulstein

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen heldt minneord over Ragnar Ulstein.

Foto: Staale Wattø/Sunnmørsposten

Spjelkavik kyrkje var vakkert pynta under gravferda til Ragnar Ulstein.

Tysdag 3. desember døydde krigshelten, 99 år gamal. Han vart æra med gravferd på statens kostnad.

Blant gjestane var Kronprins Haakon og Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, i tillegg til familie og vener.

– Ragnar Ulstein er ein av våre store krigsheltar, sa Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).

Gravferda til Ragnar Ulstein

Utanfor kyrkja stod det æresvakter frå Forsvaret.

Foto: Staale Wattø/Sunnmørsposten

Sentral motstandsmann

Ragnar Ulstein var løytnant i Kompani Linge og var ein av landets sentrale motstandsmenn under andre verdskrig. Han var med i fleire operasjonar, mellom anna ved landgangen i Reine i Lofoten i desember 1941.

Etter krigen jobba Ulstein som journalist, krigshistorikar og forfattar.

Ulstein gjorde ein formidabel jobb med å samle inn materiale om krigsinnsatsen. Det å både ha vore deltakar i krigen sjølv og formidle historier om det som skjedde, er unikt. Han intervjua krigsveteranar i over 30 år og skreiv fleire verk og bøker.

– Den viktigaste arven Ragnar Ulstein etterlet seg er å få oss til å forstå litt meir om krigens redslar. Han har gitt oss naudsynt kunnskap om vår nære historie. Historier som elles ville ha gått tapt. Ei historie ingen vil skal gjenta seg, difor må vi kjenne til den, sa Forsvarsministeren i sin minnetale.

Gravferda til Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein fekk blomehelsingar både frå regjeringa og Kongehuset.

Foto: Staale Wattø/Sunnmørsposten

Ikkje dømme for hardt

Ulstein fekk tildelt mellom anna St. Olavsmedaljen med to eikegreiner, Deltakarmedaljen, Haakon VIIs 70-årsmedalje og britiske Military Medal for sin innsats under krigen.

For arbeidet etter krigen blei han tildelt Kongens fortenestmedalje i gull og Forsvarets heiderskross.

Sonen Anders Ulstein fortalde om livet til faren, frå oppveksten og fram til i dag. Om livet som motstandsmann, journalist, forfattar, lærar og organisasjonsmann.

– Pappa hadde både eit vidsyn og eit tvisyn. Dette fann han ikkje ut åleine, men tok til seg frå kulturen han vaks opp i og litteraturen, seier Ulstein.

–Eg trur tvisynet og kravet om varsemd kom fram i det seinare åra. Å ikkje dømme for hardt, seier Ulstein.

Ragnar Ulstein åtvara mot å berre sjå ting som hende for 70–80 år sidan på trygg avstand når debattane kom. Som til dømes spørsmål om kvifor politiet hjelpte nazistane med å arrestere jødar.

Ulstein skreiv heilt fram til veka før han døydde. Då blei han ferdig med sin siste roman. Barnebarnet Olav Ulstein sa det slik:

– Siste sida er skriven av ein krigshelt, forfattar og bestefar. Med krig som jobb og fred og rettferd som lidenskap.

Kista til Ragnar Ulstein blir boren ut frå Spjelkavik kyrkje.

Familien bar ut båra frå Spjelkavik kyrkje. Ragnar Ulstein blir gravlagt på Hatlehol gravsted i Ålesund.

Foto: Staale Wattø/Sunnmørsposten

Ein stor Lingemann

Torgeir Gråtrud, generalmajor, sjef for Forsvarets spesialstyrkar sa i sin minnetale at Ragnar Ulstein var eit stort førebilete og ei leiestjerne for Forsvaret og spesielt for spesialstyrkane. Lingekompaniet var starten på spesialstyrkane slik vi kjenner dei i dag.

– Ein stor Lingemann og forsvarsvenn har fullført sitt oppdrag. Eg vil takke for alt han var og betyr for oss, sa Gråtrud. Han skildra Ulstein som ein varm person med ein eineståande måte å formidle bodskap på. Han sa at Ulstein har inspirert mange unge kvinner og menn rundt om i landet.

– Dagens unge veit kvar dei kjem frå og at det heile starta i Kompani Linge, sa Gråtrud.

Fleire andre heidra minnet til Ragnar Ulstein, mellom andre ordførarane i Ålesund og Ulstein.

Tysdag 3. desember døydde krigshelten, 99 år gamal. Han vart æra med gravferd på statens kostnad.
Blant gjestane var Kronprins Haakon og Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, i tillegg til familie og vener.

Tysdag 3. desember døydde krigshelten, 99 år gamal. Han vart æra med gravferd på statens kostnad. Blant gjestane var Kronprins Haakon og Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, i tillegg til familie og vener.

I 1941 flykter 21 år gamle Ragnar Ulstein til England og går inn i motstandskampen. Etter krigen bytter han ut våpen med penn som journalist, forfatter og historiker.

I 1941 flyktar 21 år gamle Ragnar Ulstein til England og går inn i motstandskampen. Etter krigen bytter han ut våpen med penn som journalist, forfattar og historikar.