Hopp til innhold

Tenkte eit år før han sa ja til biografi

Krigsveteran Ragnar Ulstein måtte tenke seg om fleire gongar før han sa ja til å fortelle om livet sitt – Undervegs ser eg at eg burde sagt nei, for det er jo eit enormt arbeid, seier 97-åringen.

Ragnar Ulstein på boklansering

Ragnar Ulstein har sjølv skrive mange bøker, men måndag vart biografien hans lansert.

Foto: Arne Flatin / NRK

I dag vart boka om motstandsmannen og forfattaren Ragnar Ulstein presentert i heimbygda Ulsteinvik. Mange møtte fram for å høyre om boka «I krig og fred» som er skriven av Gunnar Myklebust.

– Det er litt uvand dette her, men det er greitt også. I den fasen eg er i livet, så kunne ikkje eg finne på å skrive ei bok om livet mitt, seier 97-åringen, der han sit på ein stol i bokhandelen i finstasen.

Måtte tenke lenge

Ragnar Ulstein var ein av dei yngste som reiste over til Shetland, og blei også blant dei yngste i Kompani Linge. Etter krigen reiste Ulstein landet rundt og intervjua krigsveteranar i meir enn tretti år. Han har skrive bøker om den norske motstanden under andre verdskrig, men likevel har han fortalt lite om sine eigne bragder. I dag er Ulstein glad for at portrettet om han vart skrive og at nokon fann livet hans så interessant at dei ville fortelje om det. Likevel måtte han tenke seg om eit heilt år før han takka ja til bokprosjektet.

– Undervegs ser jo eg at eg burde sagt nei, for det er jo eit enorm arbeid, seier 97-åringen.

Gunnar Myklebust intervjuar Ragnar Ulstein

Forfattar Gunnar Myklebust har brukt fleire år for å skrive boka om Ragnar Ulstein.

Foto: Arne Flatin / NRK

LES OGSÅ:

Eit alminneleg liv

Ulstein karakteriserer seg sjølv om sjenert, og likar slett ikkje å detaljfortelle alt som har skjedd. Sjølv meiner han at han langt på veg har levd eit alminneleg liv. Det å oppleve si eiga historia på ny under arbeidet med boka, har vore litt tøft i blant.

– Eg er jo vand med harde ting, så eg tolte det jo og miste ikkje nattesøvnen, men eg vart matt ein dags tid, seier Ulstein.

Arbeidet med boka starta då Ragnar Ulstein var 94 år og forfattar Gunnar Myklebust forstår at prosjektet har vore krevjande for krigsveteranen. Dei har arbeidd i intense økter.

– Det har vore skrive frykteleg mange bøker om krigen, men boka om Ragnar Ulstein er ei av dei eg har sakna, seier Myklebust.


Boka tar for seg livet hans frå oppveksten og fram til no.

Mange møtte opp på Norli i Ulsteinvik for å høyre på Ragnar Ulstein

Mange møtte opp på Norli i Ulsteinvik for å høyre Ragnar Ulstein fortelje om boka.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL