Hopp til innhold

Krigsheltane fekk heiderskross

Joachim Rønneberg og Ragnar Ulstein fekk fredag Forsvarets heiderskross for deira formidling av krigshistoria.

Krigsveteranane Joachim Rønneberg og Ragnar Ulstein fikk hederskors av frosvarsministeren

Joachim Rønneberg og Ragnar Ulstein vart i dag heidra for sin innsats etter krigen.

I år er det 70 år sidan Tyskland kapitulerte og Noreg og andre okkuperte land kunne sleppe jubelen laus.

Frigjeringsdagen 8. mai markerast over heile landet fredag, og på Akershus festning i Oslo vart ein rekke veteranar heidra i dag.

To av veteranane, Joachim Rønneberg og Ragnar Ulstein, fekk i dag Forsvarets heiderskross for den framifrå jobben dei har gjort for å formidle krigshistorie til forsvarspersonell og Noregs befolkning.

Frigjeringsdagen

Dette er dagen då alle veteranar og veteranfamiliar skal heidrast.

Joachim Rønneberg

- Fred og fridom er inga sjølvfølge, seier Joachim Rønneberg.

Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix

Etter andre verdskrig har over 100 000 nordmenn tenestegjort i nesten hundre ulike internasjonale operasjonar i over 40 land i fire verdsdelar, opplyser Forsvaret.

Tungtvass-sabotøren Joachim Rønneberg meiner det er svært viktig å markere dagen i dag. Han legg vekt på at 8. mai er viktig for å markere kampen for fred og fridom.

– Vi snakkar jo mykje om at vi aldri igjen vil oppleve det som skjedde 9. april 1940. Då er vi avhengig av å sjå bakover og hugse på kva vi gjekk gjennom under krigen, seier Rønneberg.

Blir heidra for innsatsen sin

I grunngivinga frå Forsvaret står det følgjande om Joachim Rønneberg:

«​​Joachim Rønneberg får Forsvarets heiderskross for sitt framifrå virke og sin særleg fortenestfulle innsats for Forsvaret. Rønneberg har gjennom sin innsats under den andre verdskrigen, og særleg Vemork-aksjonen, sørgt for at ei heil verd har fått kunnskap om motstandskampen i Noreg under den andre verdskrigen. Då han mange år seinare fortalde om hendingar «på hans vakt», trollbatt han publikum med si audmjuke og nøkterne framstilling av eigen innsats».

Og om Ragnar Ulstein skriv Forsvaret:

Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein fekk fredag Forsvarets heiderskross.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

«​​​Ragnar Ulstein får Forsvarets heiderskross for sitt engasjement og si framifrå formidling av kjende og ukjende aktørar under den andre verdskrigen.

Ulsteins litteratur og foredrag har gitt samtid og ettertid uerstatteleg kjennskap til heltar som elles kunne ha blitt gløymd. Publikasjonane hans om krigsåra og den norske motstandskampen blir sett på som svært solide».

Sjå intervjuet med Joachim Rønneberg her.

Joachim Rønneberg

Feiringa av 8. mai er viktig for oss alle, understrekar tungtvass – sabotøren Joachim Rønneberg frå Ålesund. Han meiner at vi kvart år bør feire dagen som markerer slutten på andre verdskrig, og at vi bør sjå oss tilbake og huske at det er helt nødvendig å kjempe for fred og fridom.

Sjå også:

Tungtvass-sabotøren Joachim Rønneberg meiner det er svært viktig å markere dagen i dag. Han legg vekt på at 8. mai er ein viktig dag for å markere kampen for fred og fridom.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL