NRK Meny
Normal

Veterandagen markert på Setnesmoen

Markeringa var retta mot dei som fall i teneste for eit fritt fedreland under andre verdskrigen. Sjå video av markeringa her.

Veterandagmarkering ved Setnesmoen

Oberstløytnant Per Vaagland legg ned krans ved minnesmerket på Setnesmoen. Sjå video av heile veterandagmarkeringa her.

Det var Møre og Fjordane heimevernsdistrikt 11 som inviterte veteranar, pensjonistar, tilsette og gjester til markeringa. Sjefen for heimevernsdistriktet, Oberstløytnant Per Vaagland, heldt tale for dagen.

Veterandagmarkering på Setnesmoen

Militær presisjon under markeringa av 8. mai på Setnesmoen i Rauma.

Foto: Remi Sagen / NRK

Heimevernsdistriktet omfattar veteranar frå Nordmøre som kjempa med Infanteriregiment 12 på Narvik-fronten. Frå søre delen av heimevernsdistriktet finst veteranar frå Infanteriregiment 10 og 11 som blant anna kjempa mot tyske fallskjermsoldatar på Dombås slik at Kongen og regjeringa kom seg trygt ut av landet. I alt 200 soldatar fall under teneste i Infanteriregiment 11, sa Vaagland.

– Vi er takknemlege

I talen sin snakka Per Vaagland om dei mange som har delteke i skarpe operasjonar, også etter andre verdskrigen. Å vere med på slike oppdrag krev mykje forsaking, sa Vaagland. Soldatar må vere borte frå familien og utset seg sjølv til dels for livsfare.

– Vi, og eg, er takknemlege. Mitt håp er at samfunnet skal vise takk, uansett om ein er einig eller ueinig i politikarane sine avgjerder om å sende norske soldatar til konfliktområde, sa Vaagland i talen sin.

Oberstløytnanten nemnde også fleire soldatar om har falle i operasjonar for Noreg etter andre verdskrigen. Blant dei var Siri Skare frå Åndalsnes som omkom under teneste i Afghanistan i 2011. Skare var oberstløytnant i Luftforsvaret.

– Vi heidrar alle dei som har ofra livet for Noreg og for fridomen, sa oberstløytnant Per Vaagland før han la ned krans ved minnesmerket på Setnesmoen.

Sjå heile markeringa i videoen øvst i artikkelen.

93 år gammal veteran blei dekorert

John Holdhus får medaljer

93 år gamle John Holdhus blei dekorert for teneste i Tysklandsbrigaden.

Foto: Remi Sagen / NRK

John Holdhus (93) var med i Tysklandsbrigaden etter andre verdskrigen. I dag blei han heidra og dekorert for innsatsen sin i 1947. Tysklandsbrigaden var både ei okkupasjonsstyrke i det slagne Tyskland etter krigen og ikkje minst blei det snart behov for å forsvare Vest-Europa mot trusselen frå aust.

John Holdhus fekk både Forsvarets medalje for internasjonale operasjonar og Tysklandbrigadens veteranforbund sin medalje for teneste i brigade 471, som var første kontingent i 1947.

– Ein veldig stor dag, sa krigsveteranen då NRK gratulerte han med dagen.

John Holdhus

93 år gamle John Holdhus blei heidra for innsatsen sin i Tysklandsbrigaden.

Foto: Remi Sagen / NRK

Etter minnemarkeringa på Setnesmoen var det minnegudsteneste i Grytten kyrkje.