Hopp til innhold

Krev stopp i omfattande høyringsprosess

Fem overlegar ved sjukehuset i Molde krev at høyringane kring utviklingsplanen blir stoppa. Dei meiner fagmiljøa ikkje er blitt høyrde og meiner planen manglar tillit og legitimitet.

Overlege Kjell Erik Strømskag

Kjell Erik Strømskag er ein av til saman fem overlegar ved sjukehuset i Molde som krev at arbeidet med utviklingsplanen må stoppast og gjevast ein ny start.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Utviklingsplanen skal stake ut kursen for korleis sjukehusa i Møre og Romsdal skal utviklast. Både sjukdomsbiletet, faget medisin, samferdsel og utstyr endrar seg. Målet er at sjukehusa skal endrast i takt med dette slik at innbyggjarane skal få best mogleg helsetilbod.

Men deler av prosessen kring denne planen har vekt reaksjonar. Tidlegare denne veka gjekk fleire legar hardt ut mot leiinga i Helse Møre og Romsdal, og hevda at fagmiljøa ikkje var blitt høyrde i prosessen. Fagdirektøren har svart at involveringa har vore god. Men det har sett ny fart på kritikken frå overlegane.

– Svara uroa oss

Fredag sende overlegane Torgeir Sand Aas, Hashmat Ibrahimkhail, Sigurd Torvik Heian, Kenneth Klemetzen, Kjell Erik Strømskag og Gunnar Størset eit nytt brev med ny og kraftig kritikk av prosessen. Brevet avsluttar med at heile høyringa kring utviklingsplanen må stoppast.

– Svara vi fekk stadfesta uroa vår. Det har vore manglande involvering av både fagfolk og tillitsvalde. Fagdirektøren kjem i eit dårleg lys når han seier at det har vore involvering når det er dokumentert at det ikkje er tilfellet. Difor såg vi det som naudsynt å gå ut med eit nytt brev, seier overlege ved klinikk for akuttbehandling Kjell Erik Strømskag.

– Vil vere premissleverandørar

Den førebelse planen er utarbeidd og styret i Helse Møre og Romsdal har vedteke å sende planen ut på høyring. Overlegane hevdar no at det einaste høvet dei har til å påverke utviklingsplanen er å skrive notat som blir lagt som vedlegg saman med 150–200 andre høyringsfråsegner. Dei fryktar at Helse Møre og Romsdal dermed går glipp av viktige faglege bidrag.

– Vi ville kome inn på eit tidlegare tidspunkt som premissleverandørar. I tidlegare prosessar har vi hatt høve til å skome saman i arbeidsgrupper og drøfte dette på ein god måte. Dette er eit svært viktig dokument som vi ikkje har fått høve til å vere med på utforminga av, seier Strøskag.

– Start på nytt

Overlegane krev no at høyringsprosessen må avsluttast og at planen blir trekt attende. I tillegg krev dei at Helse Møre og Romsdal startar ein ny prosess der fagmiljøa er sikra brei og god involvering. Om dette ikkje skjer endar helseføretaket opp med ein plan som ikkje har tillit og legitimitet, hevdar overlegane.

– Det er nødvendig å starte på nytt for å få ein god plan som har legitimitet og tillit, seier Strømskag.

Espen Remme

Adm.dir Espen Remme: – Vi vil møte legane og vi ønskjer å involvere medarbeidarane.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– På største alvor

Administrerande direktør Espen Remme seier til NRK at Helse Møre og Romsdal tek kritikken frå overlegane på største alvor. Han inviterer no legane som har skrive under på kritikken til møte.

– Vi tek dette på største alvor. No vil vi ha eit møte med desse overlegane for å gå nærare inn på kva det er dei saknar medverknad på. Vi øsnkjer også å ta denne diskusjonen endå tettare med hovudtillitsvalde og føretakstillitsvalde i dei ordinære kanalane, seier Remme til NRK.

– Legane ville gjerne vere med på arbeids- og diskusjonsgrupper på førehand?

– Der har vore nokre slike grupper. Men alle deler av organisasjonen har ikkje vore med på dette. Og det beklagar vi. Vi vedtok å ta prosessen i linja med klinikkar, avdelingar og seksjonar. I 2016 og 2017 har vi hatt eit omfattande organisasjonsutviklingsarbeid på gang. Der har ikkje alle posisjonane kome på plass. Og på nokre område har vi ikkje vore nok ute og snakka med fagfolka, seier Remme.

– Vil involvere

Espen Remme seier at han er svært usikker på om den beste løysinga ligg i å stoppe den noverande høyringsprosessen.

– Vi vil leite etter ein veg der vi får involvert fagpersonane slik at vi får teke dei med på råd. Dette er byggjesteinen som kan hjelpe denne prosessen vidare. Denne vurderinga er det elles styret som må ta. Eg vonar at vi skal kunne møte fagmiljøa og dei tillitsvalde gjennom medverknad og dialog, seier Remme.

– Ikkje mistillit

Overlege Kjell Erik Strømskag presisererer at denne striden ikkje handlar om geografi eller fordeling av funksjonar mellom sjukehusa. Denne gongen handlar det utelukkande om fag. Det er heller ikkje snakk om nokon mistillit til fagdirektør Jo Åsmund Lund.

– Det er ikkje nokon mistillit sett frå vår side. Men det er ein sterk kritikk av manglande involvering og manglande møte med fagfolka. Vi hadde ønska at han var meir hos oss og at han snakka med oss om både visjonar og ambisjonar, seier Kjell Erik Strømskag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL