Hopp til innhold

Krev sterkare vern for jugendhusa

Ålesund har mista over 100 jugendhus. No fryktar Jugendstilsenteret at statusen som jugendby er trua.

Ålesund sett fra Fjellstua i Ålesund

Ålesund har med sine vakre jugendhus vorte kåra til Noregs vakraste by.

Foto: Frode Sand

Ålesund har vorte kåra til Noregs vakraste, nettopp på grunn av jugendstilen som kom etter bybrannen i 1904. Fleire rehabiliteringar og nybygging dei siste åra har sett jugendbebyggelsen i fare.

Jugendbygga forsvinn

Frå krakken sin har byhistorikar Harald Grytten losa hundre tusenar rundt om i

Harald Grytten

Byhistorikar Harald Grytten meiner det er svært viktig å ta vare på jugendbebyggelsen i Ålesund.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Ålesund si historie. Engasjementet er sterkt for å ta vare på jugendhusa som kom etter bybrannen i 1904.

- Eg trivst her og eg vil gjerne ha andre til å trivst også. Eg trur det kan skje blant anna ved at ein tek vare på mest mogleg av brann-arkitekturen.

Ålesund sentrum har den mest kompakte jungendbebyggelsen i Noreg. Byen er med i eit europeisk nettverk for byar i jugendstil, i selskap med Wien, Barcelona og Brussel.

Men, etter oppbygginga har 100 av 400 hus i jugendstil forsvunne. Mange har også vorte radikalt endra.

Kongens gt. 12 og 10b

Kongens gate 12 og 19b fekk Olavsrosa fordi dei er rekna som gode døme på bygningar som er typiske for jugendstilen i Ålesund.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Ved det nasjonale Jugendstilsenteret fryktar dei at statusen Ålesund har som jugendby er trua.

- Ein har hatt ein plan som tidlegare ikkje har fungert godt nok, og byen har tapt forferdeleg mange bygningar sidan den vart gjenoppført. Ålesund sin identitet og særpreg er av nasjonal verdi, seier Nils Anker, direktør ved Jugendstilsenteret.

Les også:

- Den finaste byggestilen som finst

Hurtigruta skaffar mange besøkande til Ålesund. Gjennom heile året går turistar i land, som skal sjå og oppleve jugendbyen.

Turistane Ann og Mannfred Hahn er kjende med den spesielle jugendstilen i Ålesund.

Turist Mannfred Hahn

Turist Mannfred Hahn knipsar bilete av det som er kåra til Noregs vakraste by.

Foto: Andreas Sundby / NRK


- Eg har høyrt om Ålesund. Byen brann i 1904. Etterpå vart byen bygd opp att i jugendstil, seier Mannfred.

- Er det viktig for ålesundarane å ta vare på jugendstilen?

- For guds skuld! Alle kan bygge nye hus, men ikkje alle har jugendstil.
Det er den finaste byggestilen som finst! meiner Ann.

Vern av jugendbyen kostar

Etter kvart har det vorte mange kopiar av jungendhus og stilen i Ålesund. Midt i sentrum er Sparebanken Møre i gang med å rehabilitere to jugendhus. I alle fall fasaden. Innsida vert ny.

- Bygget var i ein veldig dårleg tilstand. Tilstanden var faktisk så dårleg at fagfolka her var overraska over kor dårleg det var, fortel Øystein Grønnmyr, banksjef i Sparebanken Møre.

- Det som no vert gjort er å sikre eit jugendbygg, for kanskje hundre nye år.

Men vern av jugendbyen kostar, ikkje minst for utbyggarane i sentrum, som må betale. Harald Grytten set sin lit til neste generasjon.

- Eg håper inderleg at den unge generasjonen følgjer opp det vesle arbeidet som er gjort hittil med arkitekturen i Ålesund, og at dei held fana høgt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL