Hopp til innhold

Opplev magien når «Brosundet brenner»

112 år etter den store bybrannen i Ålesund er interessa for den historiske hendinga framleis stor. I natt var tusenvis samla for å markere den store bybrannen i 1904.

Ålesund sentrumsforening med Solveig Fagermo i spissen sørga for magi når brosundet brenner 112 år etter den verkeleg gjorde det

Opplev magien på nytt og sjå videoen frå markeringa i Ålesund.

Med ei stor bybrannførestilling, byvandring og ein mengde ulike kulturaktivitetar kunne dei som ville oppleve den store bybrannen i Ålesund på ny i natt. Arrangementet har blitt ein tradisjon og blir stadig meir populært for kvart år som går.

Det er Ålesund sentrumsforeining, med Solveig Fagermo i spissen, som står bak prosjektet.

Sjå stor bileteserie nedst i saka.

Magisk stemning

Kombinasjonen av lyd, lys og bilete skapte ei magisk stemning i Brosundet natt til laurdag. Etter førestillinga var det mange som kom å klappa lyd- og lysansvarleg Simon Pedersen på skulda.

Simon Pedersen

Lyd- og lysansvarleg Simon Pedersen var fornøgd med framsyninga.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– 19 minutt går fort når du har heldt på å rigge i minusgrader i tre heile dagar. Men det er ei herleg kjensle når alt går bra og folk set pris på det, sa ein fornøgd Pedersen etter førestillinga.

Markeringa av den store bybrannen i Ålesund er eit samarbeid mellom ein rekke aktørar. Prosjektleiar Ronny Stokke, komponist Eirik Havenes, lydteknikkar Per Oskar Pedersen, kunstnar Karin Augusta Nogva er berre nokre av dei involverte.

– Vi er mange som har jobba lenge for å få det til. Neste år blir det enda større, seier Pedersen med eit stort smil før enda fleire kjem bort og takkar for ei magisk førestilling.

Oppleving for livet

Og skal ein døme det på interessa, kan det verke som om natta då byen brann for 112 år sidan aldri blir gløymd. Stemninga som kunstprosjektet «Brosundet Brenner» skapte fekk folk til å bli meir glad i byen sin, skal vi tru dei frammøtte.

Ingeborg Remø og Patrik Fugelsnes

Ingeborg Remø synest markeringa var magisk. Her saman med Patrik Fugelsnes.

Foto: Jannicke Farstad / NRK
Einar Gustavson, Janne Jonsen og Elise Ullaland

Einar Gustavson, Janne Jonsen og Elise Ullaland kosa seg på markeringa.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Det er magisk. Eg blir stolt av å vere frå Ålesund på ein slik kveld, seie Ingeborg Remø.

Ho hadde tatt turen saman med Patrik Fugelsnes frå Kristiansund. Han syntest det er naturleg at folk i Ålesund er opptatt av brannen sin.

– Det var jo ei veldig stor greie, som har forma byen slik som den er i dag, seier han

For Elise Ullaland frå Ålesund var markeringa ei oppleving for livet.

– Eg følte nesten brannen på kroppen, tenkte på dei som verkeleg opplevde dette, det må ha vore forferdeleg, seier ho.

Einar Gustavson, som var med å starte markeringa av bybrannen saman med Harald Grytten, deltok også på markeringa natt til laurdag.

– Eg synest det er fantastisk å sjå kva som veks fram av kreativitet når nye generasjonar kjem til, seier han.

Bybrannmarkering
Foto: Jannicke farstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL