NRK Meny
Normal

Krev Solskjær-svar før måndag

Mange lever i spenning for tida, for det er framleis ikkje klart om Ole Gunnar Solskjær held fram karrieren sin i Noreg. Seinast måndag må han svare.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær har leia Molde til to seriegull og eitt cupgull gjennom tre år som manager i klubben.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Espen Harstad

Espen Harstad trur Solskjær blir verande.

Foto: Roar Strøm / NRK
  • Sjå TV-saka nedst i artikkelen.

På Aker Stadion sit leiinga i Molde Fotballklubb med cupgull frå november friskt i minne. Likevel er nok stressnivået litt høgare enn elles, for juvelen kan forsvinne.

Ole Gunnar Solskjær har framleis ikkje gitt svar på om ein ny klubb freistar meir enn nye år i Molde. Nølinga seigpiner fansen.

– Det er ikkje noko artig når det dryger. Vi veit kva han har fått til dei tre åra han har vore her, så dei fleste vil gjerne at både han og teamet held fram, seier Espen Harstad.

Han er nestleiar i Tornekrattet, supporterklubben til Molde, og har fått mykje å juble for etter at Solskjær kom til klubben.

Var West Bromwich-aktuell

No vil Molde ha eit svar innan måndag neste veke.

Ved nokre få høve har Solskjær sjølv flørta med engelske klubbar, men minst ti gonger så ofte har han berre vore i søkelyset til andre klubbar.

Sist ute har han vore i søkelyset til West Bromwich. Ifølgje den britiske avisa Daily Express var Solskjær førstevalet til klubben.

Etter det NRK erfarer onsdag kveld er derimot ikkje Solskjær lenger aktuell for West Bromwich-jobben.

Saka held fram under bildet.

Unge Molde-supportarar

Dei unge Molde-supportarane meiner Manchester United er den einaste klubben Solskjær får forlate Molde for.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Nei!

I Molde sit både fansen og andre og håper at suksessmanageren vil halde fram. Dei yngste har ikkje sympati for at Solskjær tek seg god tid.

– Bør han få sjansen til å trene ein annan klubb no?

– Nei!, svarer dei unge bastant.

– Kvifor det?

– Fordi.

For «verdas beste trenar», som dei unge omtalar han som, får berre bli manager i éin annan klubb.

– United!!!, brøler dei unge supporterane.

Enn så lenge er Manchester United-jobben i David Moyes' hender. Harstad i Tornekrattet trur, trass i ventinga, at Solskjær blir.

– Eg trur han blir i alle fall ut neste år, for familien har lyst å bli her, rundar nestleiaren lurt av med.

Mange lever i spenning om korvidt Ole Gunnar Solskjær held fram karrieren sin i Noreg. Seinast måndag må han svare.