Hopp til innhold

Kraftige regnbyer i Rauma no - folk ventar i spenning på når Mannen rasar

RAUMA (NRK): Det regnar mykje ved Mannen laurdag ettermiddag. Folk ventar i spenning på kor mykje regn fjellet toler før det rasar.

Det regnar i Rauma

Det regnar godt i Rauma laurdag ettermiddag.

Foto: Gunnar Sandvik

Klokka 12.40: Kraftige regnbyer ved fjellet Mannen i Rauma. Både meteorologane, geologane, fagfolka og folk flest lurer på kor mykje nedbør fjellet tåler før det fell.

Laurdag formiddag er det bygevêr ved fjellet Mannen i Rauma, men dei siste dagane har det regna mykje i området. Det er dette som igjen har sett fart i rørslene i det ustabile fjellet.

Natt til laurdag har det vore fire småras og fleire sterke drønn frå Mannen.

No varslar meteorologane endå meir regn.

Vi ventar ein del nedbør, ikkje noko ekstremt, men det spørst jo kor mykje dette fjellet toler før det rasar ut, seier statsmeteorolog Frode Hassel ved Vervarslinga for Vestlandet.

Det regnar ved Mannen

Ingen veit når skredet frå Mannen kjem, men geologane meiner nedbøren er heilt avgjerande.

Foto: Gunnar Sandvik
Får støtte frå ukjende

Dei som no igjen er evakuerte på Horgheim lever i uvissa. I fjor haust blei dei heimlause i vekevis, utan at skredet kom, og no er dei igjen sende heimanfrå i påvente av at skredet går.

På NRK Møre og Romsdal sine facebook-side skriv fleire at dei håper skredet no går.

«Hadde han enda kome nå i dag så folk får fred», skriv ei og får støtte frå fleire. Andre er opptekne av kva som skjer når skredet går, og om det kan gjerast noko for å få fortgang i prosessen.

Flyttar seg ein millimeter i timen

Rasfare fra Mannen

Illustrasjon som viser kor mykje av fjellsida som er venta å rase ut.

Foto: Marco Vaglieri

Det var fredag kveld NVE heva farenivået ved Mannen til raudt, dermed er det ekstrem fare for skred. Ni innbyggjarar og fleire hundre sauer er evakuerte, og laurdag går føre seg fleire møte i Rauma mellom kommunen, politiet og innbyggjarane.

Laurdag formiddag opplyste NVE at fjellet no flyttar seg ein millimeter i timen, og dette er noko mindre enn fredag kveld.

– Dette er fordi det har vore mindre nedbør enn vi venta, men det er venta store nedbørsmengder utover, så det er framleis ein svært usikker situasjon, seier ordførar Lars Olav Hustad i Rauma.

Les også:

Ventar bygevêr til søndag

Frode Hassel

Statsmeteorolog Frode Hassel seier dei ventar bygevêr også dei neste timane.

Foto: Marit Hommedal

Den store spenninga er sjølvsagt at ingen kan seie eksakt når raset kjem. Men alle er samde om at nedbøren er avgjerande. Dei siste dagane har vore prega av bygevêr, med kraftige regnskurer, avløyst av opphaldsvêr.

Det kjem til å regne jamt og trutt utover heile dagen i dag. Vi ventar mellom to og tre millimeter nedbør kvar tredje time, seier Hassel.

Det blir av og på med nedbøren.

Når er det venta at rdet sluttar å regne?

Det ser ut som vi får mindre nedbørsakvititet frå rundt midnatt, men det blir nok noko regn også søndag. Først søndag kveld blir det opphaldsvêr, seier han.

Regn ved Mannen

Sivilforsvar og politi held vakt ved mannen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Følgjer ekstra godt med

Vervarslinga for Vestlandet leverte i fjor haust oppdaterte vêrvarsel fleire gongar i døgnet. Dette er dei ikkje bedne om no, seier Hassel, men medgir at dei likevel følgjer godt med.

Vi har inga spesiell overvaking av vêret i området, men vi er sjølvsagt interesserte og klar over kva som går føre seg. Vi kikar nok litt ekstra på prognosane og bilda, men dette er mest fordi vi er nyfikne, seier Hassel.

Klokka 11 er det varsla fylkesberedskapsmøte der alle beredskapsetatane skal vere samla.

"Dagkamera"