Hopp til innhold

Kraftig nedgang for Kristiansund

I NHO sitt kommune-NM gjer Kristiansund det svært dårlig i år. – Plasseringa er nok berre midlertidig. Vi ser nok betring allereie neste år, trur Kristiansundordføraren.

Kjell Neergaard

Kristiansund ligg rangert som fjerde lågaste kommune blant kommuner med over 20 000 innbyggjarar. Det vil orførar, Kjell Neergaard endre på.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kristiansund er ei av kommunene som har falt mest blant landets største kommuner, og det er først og fremst på grunn arbeidsmarkedet. Hundrevis av tapte arbeidsplassar har fått følgjer for handelen og tapt arbeidskompetanse.

Knut Garshol

- No må Kristiansund finne nye veger og utvikle noko nytt, seier Knut Garshol

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

– Det er vanskeleg å oppleve motgang, men no må kommunen skjerpe seg, sette i gong eit kjempearbeid og finne ut kva Kristiansund er best på, seier Knut Garshol.

Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) arrangerer årleg konkurransen der kommunene vert målt på 21 punkt, blant anna befolkningssamansetning, arbeidsplassar, kompetanse, næringsliv og økonomi.

Les også:

Må tilrettelegge for næringslivet

Kjell Neergaard

Ordførar Kjell Neergaard vil legge betre tilrette for næringslivet i Kristiansund.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Kristiansund har fallt 20 plassar på rangeringa, og er no rangert som fjerde lågaste kommune på over 20 000 innbyggjarar. Den største grunnen er arbeidsledigheita i kommunen.

– Vi er i same situasjon som fleire andre kystkommuner med eit næringsliv prega av olje og gass, seier ordførar Kjell Neergaard.

Ordføraren trur arbeidsplassane innan olje og gass kjem tilbake, dog kanskje ikkje på like stort nivå som tidlegare.

– Næringslivet som baserer seg på olje har vore flink til å snu seg rundt no når dei ser at næringa er nede.

– Kva kan politikarane gjere?

– Vi må tilrettelegge for næringslivet. Det er viktig at næringsareal ligg klart den dagen dei vil trenge det slik at vi unngår lange og tunge prosessar.

Bed om hjelp frå stat og fylke

Marit Fashing

Marit Fashing merker at dei dårlege tidene for Kristiansund går ut over handelen i sentrum.

Foto: Anne Mari Flatset

Ordføraren bed no om hjelp frå stat og fylke.

– Det vi taper på er at vi har færre statlege arbeidsplassar, noko Kristiansund er heilt avhengig av.

Regjeringa har laga nye retningslinjer om å sette ut statlege arbeidsplassar rundt om i landet for å styrke lokalsamfunn.

– Så langt kan ikkje eg sjå at dei har gjort dette, men vi håper at politiets lønnssentral blir lagt hit.

Tross to år med underskot og at 2015 så vidt gjekk i pluss, ser det ut til å gå betre for Kristiansund i år.

– Vi ligg an til 30 millionar i overskot i år. om vi får til det er det eit kjempeløft. Eg trur vi vil sjå ei betring i plasseringa på NHO si undersøking allereie til neste år.

– Går i bølgjer

Ingvar Sæther

Ingvar Sæther trur forholda i Kristiansund vil betre seg.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

At Kristiansund gjer det dårleg merkast godt blant innbyggjarane.

– Det leggast ned overalt i sentrum og det er lite folk i gatene. Det er veldig synd, seier Marit Fashing.

Ho meiner det bør settast meir fokus på å få til ei endring. Andre trur det vil betre seg etterkvart.

– Dette har vi vore gjennom før. Det går i bølgedalar og snart er vi på veg opp igjen, seier Ingvar Sæther.