Aalesund: Bare derved kan man undgå valg av en kommunist fra Kristiansund

I 1927 var klassekamp ekstra bensin på fogderistridsbålet.

Foto: Sunnmørsposten 15.oktober 1927

Fylket som alltid ville splittast

Viken og halvparten av fylka vil rakne etter to år. Møre og Romsdal har forsøkt det same i 351 år. Dei har mykje å lære bort.

Mellom arkivhyller og gamle aviser snuser Mads Langnes etter gammal krangel. Med stor suksess. I tre år har historikaren forska på striden mellom Sunnmøre, Nordmøre og Romsdal.

– Fylket starta dårleg og sidan har det berre blitt verre, seier Langnes.

Historikar Mads Langnes studerer mikrofilm vedr fogderistrida i Møre og Romsdal

HISTORISK LUPE: I tre år har Mads Langes dukka ned i strida som splittar Møre og Romsdal.

Foto: Roar Strøm / NRK

Området har blitt kalla Noregs Balkan. Og rest-Jugoslavia. Separatistrørsler i over hundre år. Stadige fakkeltog. Ein gerilja herjar nord i fylket.

Fogderia blei lagt ned for over 125 år sidan, men framleis er fogderistrid blant dei mest brukte orda i Møre og Romsdal. Det er heilt utruleg, meiner Langnes.

I år har det vore avstemming om framtida til fylket.

Grafikk: Mapbox/Sunnmørsposten

Trongt mellom svele og sodd

På ei tønne klippfisk i Kristiansund sitt Odd W. Williamsen.

– Me føler fellesskap med Trøndelag, medan banda sørover er påført frå Staten, forklarar historikaren.

Han ramsar opp alt nordmøringen har til felles med trønderen.

Dialekt, humor, Nidarosdomen ved store bryllaup, Frostating ved rettssaker og eit avslappa forhold til religion og alkohol.

Odd W. Williamsen på ei tønne med klippfisk

KRISTIANSUND: Nordmøre er stolt av si klippfiskhistorie.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

– Me drikk ofte og mykje. Det gjer dei ikkje lenger sør i fylket, meiner Williamsen. Før han nyanserer:

Me har mange negative førestillingar om trønderar og. Dei snakkar barnespråk og er vulgære med bart, vest og mokasinar. Så me er ikkje heilt klare for å bli slukt eller assimilert.

Men som han sjølv seier:

– Det er trongt mellom svele og sodd.

Altså mellom Vestlandet og Trøndelag.

Sunnmøringen, romsdalingen og nordmøringen

Kor ulike er eigentleg folka i det middels store fylket?

– Veldig ulike, meiner humorist Arild Hoksnes. Han er halvt sunnmøring og halvt romsdaling. Og glad i stereotypiane.

Tenk berre på historia om korleis Pizza Grandiosa kom til Stranda. Slikt kunne berre skjedd på Sunnmøre, ler Hoksnes.

Bilde av fabrikksjef Ivar Moss på Stranda med den første Pizza Grandiosa

SUNNMØRINGEN: – Min enkle filosofi er at folk går på jobb for å tene pengar, sa Grandiosaens første fabrikksjef Ivar Moss.

Foto: Kjell Herskedal / NTB

Han fortel om fabrikksjefen som svarte spontant ja då han blei spurt om dei kunne lage frosenpizza på Stranda.

Men han hadde ikkje peiling på kva pizza var for noko!

Sunnmøringen tar utfordringar på strak arm, køyrer på og tener pengar. Eller som Agnar Mykle skreiv: Om du spikrar han opp på fjøsveggen, så veks han seg likevel feit.

Hoksnes samanliknar romsdalingen med glassmanetar.

– Dei kjem berre sigande sakte framover. I flokk. Kor skal dei? Kva driv dei på med? I ei periode på 1990-talet tok dei over alle posisjonar – og alle heitte Kjell, humrar Hoksnes.

Kjell Inge Røkke ønsker statsminister Kjell Magne Bondevik velkommen til nytt stadion og omvisning. Deretter fulgte banquette for statsministeren og de andre omlag 200 gjestene.

ROMSDALINGEN: Rikmann Kjell Inge ønsker statsmann Kjell Magne velkommen til nye Molde stadion.

Foto: Roar Vestad / NTB

Karikaturen hans av nordmøringen er kontroversiell. Hoksnes snakkar noko om sauer som ligg og sev i vegkanten medan sjansane fyk forbi.

Williamsen i Kristiansund forklarer på si side at dei på Nordmøre gjerne ser på romsdalingen som inneslutta og litt snobbete.

Ole Gunnar Solskjær (t.v.) og Øyvind Leonhardsen i lystig passiar før mandagens landslagstrening i Brüssel

NORDMØRINGAR: To lystige karar frå Kristiansund. Desse kan ein vel seie at greip sjansane som fór forbi.

Foto: Erik Johansen / NTB

Medan dei ser på Sunnmøre som eit svart hol der ressursane forsvinn. Ein stad der alle garasjane har firmaskilt.

Og den typiske replikken: «Ja, betaling veit eg at det ikkje er vits å by deg».

Eller som romsdalingen Kjetil Rekdal sa til Vår Staude under «4-stjerners middag», etter først å ha klikka for å ha blitt kalla sunnmøring:

– Viss du reiser så langt frå Noreg du kan komme, og høyrer nokon snakke norsk langt unna – da er det garantert ein sunnmøring.

Historikar Mads Langnes på jakt etter bøker på Romsdalsmuseet i Molde.

ROMSDALSMUSEET: Historikar Langnes trur fylket blei teikna opp for å blidgjere kongens menn.

Foto: Roar Strøm / NRK

Danskekongens regionreform

I 1671 blei stridas kime sådd.

Noreg hadde lagt bak seg den siste store pesten. Blod, byllar, hoste og død. Folk flest sveitta på skrinne jorde. Finfolk sprada med parykk i ballsalar.

Danskekongen hadde kuppa all makt og ønska mindre styre frå futar og lensmenn. Inn med kongens menn. Noreg blei teikna opp i fire stiftamt, nokre amt og ein haug fogderi.

Christian V av Danmark-Norge

ALLMEKTIG: Kong Christian V var 25 år da han laga regionreform i Noreg.

Foto: Wikimedia Commons

Møre og Romsdal blei konstruert.

Like mykje fordi visse embetsmenn hadde gjort seg fortent til sine område, som av naturleg geografi eller identitet, trur historikar Mads Langnes.

For amtet Møre og Romsdal blei faktisk delt i to under stiftamta Bergen og Trondhjem.

– Den snodigaste konstruksjonen fram til Viken?

Ja, ein kan seie det. Det braut med logikken i resten av landet. Ingan andre amt blei oppretta på tvers av landsdelar, seier Langnes.

Sida har det vore trøbbel.

Historikar Mads Langnes på jakt etter bøker om fogderistrid på Romsdalsmuseet i Molde.

ARKIV: Arkivet viser tydeleg kva som er gale med Møre og Romsdal. Det har endra seg mykje gjennom historia.

Foto: Roar Strøm / NRK

351 år med krangel

På 1800-talet klaga ein over geografi: Fylket var for stort med fjordar, fjell og lange avstandar.

Tidleg på 1900-talet var det folketypar: For ulike lynne og dialekter.

På 1930-talet var det raseopphav: For ulik hårfarge, kroppshøgde – og skalleform.

Kart over skalleindeks. Det var flest kortskallar i sør og flest langskallar i nord.

KORTSKALLAR: Indeksen til ein militærlege i 1920 viste flest kortskallar på Sunnmøre og flest langskallar i nord.

Illustrasjon: Halfdan Bryn, 1920

«Eit vaklande amt» og «ein høgst prinsipplaus inndeling», skreiv amtmannen på midten av 1800-talet. Han ville dele opp Møre og Romsdal. Det same blei foreslått i 1914.

I 1949 var det folkerøysting på Sunnmøre om lausriving. Mindretalet på 2 promille blei høyrt.

Folkerøysting i 1949 om lausriving av Sunnmøre. 44 614 ville ha eige fylke. 109 stemte mot.

FOLKERØYSTING: I 1949 stemte 44 614 sunnmøringar for eige fylke. Dei 109 andre fekk vilja si.

Foto: Sunnmørsposten 21.5.1949

Mellom arkivhyllene i Molde forklarar historikar Mads Langnes at strida alltid har vore leidd av byane og fyrt opp av dei tre regionavisene Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Tidens Krav.

– Dei har brukt tonnevis og tønnevis av trykksverte på å gå inn i diskusjon og krangel mot nabofogderi.

Eit godt eksempel er forsidene på Sunnmørsposten før valet i 1927:

Aalesund: Bare derved kan man undgå valg av en kommunist fra Kristiansund

VALKAMP 1927: Ikkje berre er han kommunist, men også frå Kristiansund.

Faksimile Sunnmørsposten 17.10.1927

VALKAMP 1927: Fleire dager på rad i Sunnmørsposten.

«Bare derved kan man undgå valg av en kommunist fra Kristiansund

Ikkje ulikt den ikoniske DDE-strofa «Og du fann en kontorist frå Steinkjer».

Kor skal Romsdal?

Det er krevjande å skilje eit fylke som ligg mellom landsdelar.

For 16 år sidan skreiv journalist Arild Hoksnes «Exit Møre og Romsdal: Fylket som forsvann». Den var humoristisk og lett profetisk. I boka fekk kommunalminister Erna Solberg regionreform allereie i 2007:

I same augneblinken som Staten gjekk inn for å dele landet inn i regionar i staden for ein bråte med fylke – i sjølvsame stunda rakna livsløgna til folket i Møre og Romsdal: Fogderistriden.

Arild Hoksnes Fylket som forsvann

I boka har Hoksnes eit sentralt spørsmål som framleis er aktuelt:

Kor skal Romsdal gjere av seg?

Om Nordmøre går til Trøndelag, er det nærliggjande at Sunnmøre går til Vestland, som dei alltid har hatt tette handelsband til.

– Kva da med Molde og biten i midten? Det går ikkje opp, seier Hoksnes.

– Det er ingen plass å gå, anna enn til Mjøsa/Innlandet – eller rive seg laus og segle som eit isflak vestover til Færøyane.

Ein vesentleg utkant

Nordmøre har problemet i at dei er verken vestlendingar eller trønderar, meiner Odd W. Williamsen på museet i Kristiansund.

– Når de verken føler dykk som det eine eller andre – er ikkje Møre og Romsdal eit minneleg kompromiss?

Jo, det har vore det. Før var Kristiansund fylkessenteret med avisa og næringslivet. Molde var mykje mindre og Ålesund kom hundre år seinare.

Historikar Odd W. Williamsen framfor ein geitbåt på Nordmøre museum.

TRADISJONSBÅT: – Me har nokre fine greier, slik som opera, geitbåt og klippfisk, seier forskar Williamsen patriotisk.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Men Kristiansund sto med ryggen mot land og Noreg, vendt mot havet og eksporten. Utanlandske klippfiskfolk styrte byen og gjorde kanskje at dei hamna litt bakpå ved statleg styr og stell, ifølge historikaren.

Men me er tilfreds med å vere ein utkant, så lenge det blir anerkjent at me bidrar vesentleg. Men når ting som gjer oss til by blir fjerna, som sjukehus, da kjem trassen fram, seier Williamsen.

Og da kjem geriljaen fram.

Kampane

Etter avtala om regjering mellom Ap og Sp blei lest opp, viste TV-bileta at den første bort til Trygve Slagsvold Vedum var ei dame kledd i nordmørsbunad.

Geriljaleiar Anja Cecilie Solvik. Ba ho Vedum om å splitte fylket? Om å behalde sjukehuset i Kristiansund? Om å behalde fødestua på Nordmøre?

Hurdalsjøen hotell 20211013. Anja Cecilie Solvik i bunadsgeriljaen står i bakgrunnen mens Støre og Vedum presenterer regjeringsplattformen ved Hurdalsjøen hotell. Foto: Torstein Bøe / NTB

PÅ HOGGET: Bunadsgeriljaen sto klar da Støre og Vedum presenterte avtala på Hurdal.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Her er me nok ved kjernen. Forskar Mads Langnes i Molde seier at det er lokalisering strida eigentleg alltid har handla om.

– Ein har brukt folketype, lynne, fjordar og fjell som argument – men når alt kjem til alt ser me at diskusjonen blussar opp kvar gong det dreier seg om økonomiske ressursar.

Slikt som jarnbane, namn på fylket, domkyrkje, sjukehus og NAV-kontor.

Fogderistrid om sjukehus

Dei siste tiåra har strida særleg handla om sjukehus.

Molde bispeby!

Rundt 1982 var det strid om kor i fylket domkyrkja skulle ligge.

Fogderistrid om jarnbanen

I mange tiår har det blitt krangla om kor jarnbanenlinja bør gå vidare frå Åndalsnes. I 1952 var strida hard.

Fogderistrid om fylkes namn

Da fylkesnamnet Møre blei vedtatt i 1915 blei det ny strid.

Tidens Krav 3.8.1921

I 1921 kravde ein tilbake namnet Møre og Romsdal.

Faksimilie strid om kjøpstad

I 1856 var det strid om status som kjøpstad.

Folkerøysting om Møxit

Dei siste månadene har Aure, Smøla og Kristiansund stemt om å bytte fylke til Trøndelag.

Folkerøystinga var snøballen som kunne starte Møxit. Exit Nordmøre.

For utan den nordlege delen vil neppe Møre og Romsdal vere stort nok som fylke.

Innspurten av folkerøysting om fylke. Aure-ordfører Hanne-Berit Brekken føljer spent med på stemmene som tikker inn.

FOLKERØYSTING: Aure-ordførar Hanne-Berit Brekken har kasta kjedet og følgjer spent med på om ho må bytte fylke.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Dette er ein valthriller av de sjeldne. Det skil berre sju stemmer no. Dette er skikkeleg, skikkeleg spennande, seier Aure-ordførar Hanne-Berit Brekken.

Til slutt var skilnaden på 122 stemmer. 51 prosent ville bli verande i Møre og Romsdal.

Snart følgde Smøla etter. Og i januar sa Kristiansund nei til å bli ein trøndersk enklave.

Fylket ser ut til å bestå. Strida kan fortsette i nye 351 år.

Åge Hareide i munter passiar med Arild Stavrum og Knut Anders Fostervold på Teatret Vårt i Molde.

BLID STRID: Sunnmøringen Åge Hareide i fogderidebatt med nordmøringen Arild Stavrum og romsdalingen Knut Anders Fostervold på Teatret Vårt i Molde.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Kitt og dynamitt

Så kva kan andre fylke som vil splittast lære av Møre og Romsdal?

Åge Hareide, sunnmøring med suksess i Molde, meiner at kivinga mellom dei tre fogderia gjer fylket betre.

– Det er viktig med rivalisering. Tenk at dette fylket med fjordar, fjell, ferjer og få innbyggarar har tre lag i Eliteserien. Fogderistrid må vere ein vennskapeleg duell som gjer oss alle betre, i fotballen og elles, meiner den tidlegare landslagstrenaren.

Historikar Mads Langnes i arkivet på Romsdalsmuseet i Molde.

LIMET: Ein identitet bygd på krangling, meiner Langnes.

Foto: Roar Strøm / NRK

Historikar Mads Langnes i Molde meiner også at den evige kampen kan ha noko bra ved seg.

– Eit fylke må ha noko som bind det saman. Og når det ikkje fungerer med felles fylkessong, fylkesvåpen, busselskap eller ferjeselskap – så er det kanskje nettopp fogderistrida som gjør oss til møre- og romsdalingar. I det store og heile.

Fylkesstrid som kitt og dynamitt, altså.

Det er noko å tenke på, Viken.

NRK presiserer: Artikkelforfattaren er fødd halvt sunnmøring og bur i Molde i Romsdal. Han er også ofte på Nordmøre.