Hopp til innhold

Kornavlinga er truleg berga til trass for dårleg vår

Haustinga av korn kjem i gang seinare i år enn det som har vore vanleg siste åra.

Kornåker Surnadal
Foto: Per Ivar Vikhagen

Byggåkrane i dei store kornbygdene Surnadal og Sunndal, står enno grøne.

I fjor kom første kornhaustinga i gang i slutten av juli, men i år vil det truleg ta fleire veker til før kornet er moge, meiner Linda Mogstad, dagleg leiar ved Røv Mølle.

– Det er sjølvsagt vêravhengig, men det blir truleg litt ut i august før kornet er klart i år, seier ho.

Ser bra ut for årets avling

Mange kornbønder på Nordmøre sådde kornet ekstra tidleg i år, dei første alt i slutten av mars, men godvêret som var då snudde brått.

– Etter det vart det vått litt for lenge så det har vore med å stoppe utviklinga. Men ei god overgjødsling gjer at kornet ser bra ut no, seier Mogstad.

Her i fylket er det mest berre bygg som blir dyrka, og Røv Mølle i Surnadal tek imot ca. 3000 tonn lokalt korn i året.

I tillegg tek dei imot korn frå andre stader i landet. Alt blir laga om til kraftfor. Mogstad meiner at årets avling blir om lag som i eit normalt år, og trass ein våt og kald sommar ser det bra ut for kvaliteten på årets lokale avling.

– Den gjødslinga som vi fekk gjere no i etterkant når finvêret endeleg kom det gjorde godt for kornet. Så eg trur det blir ei bra avling i år. Det ser i alle fall slik ut no, seier Mogstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL