Hopp til innhold

No er det snart krise for bøndene

Den kaldaste og våtaste forsommaren på tiår gjer at det nærmar seg krise for årets avling. For bonde Sivert Mauset ligg dei usådde åkrane som gnagsår.

Sivert Mauset

Sivert Mauset ventar på betre ver. Han får verken sådd eller slått graset når det er så vått.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Graset til bonde Sivert Mauset i Surnadal er vått og nede ved rota har det byrja å bli gult. Det er eit dårleg teikn. Åkrene ligg søkkvåte etter fleire månader med regn. No er bonden uroa.

– For kvar dag går kvaliteten ned, seier Mautset.

Han treng ei veke med finever der sol og vind tørkar graset, før han kan gjere ferdig våronna. Etter planen skulle bonden starte med slåtten for over ei veke sidan, men det dårlege vêret gjorde at det ikkje gjekk. Å køyre på dei våte markane med traktor og tunge maskiner er håplaust og gir køyreskadar. Dersom han slår graset no, kan det våte fôret også skape problem til vinteren.

LES OGSÅ:

Får ikkje sådd korn

– Desperasjonen stig for kvar dag som går. Vi nærmar oss 20. juni og den dagen slåtten bør vere ferdig for å få nokon lunde kvalitet, seier Mauset.

Åkrane hans ligg ferdig pløgd, men bonden har ikkje fått sådd kornet. Først må husdyrgjødsla ut, og atter ein gong er han avhengig av tørrare ver.

– Åkrane ligg der som eit gnagsår. Vi skulle ha vore ferdig for ein månad sidan, seier Mauset.

Ein månad forseinka

Lenger nede i Surnadal, på garden til Ola Sylte Heggset er stemninga ikkje betre. Spirane på kornet stikk 10 centimeter over jorda og det er kulden som skaper problem. Det burde ha vore mellom 40 og 50 centimeter høgt.

– Kornet er fire veker forseinka, seier Heggset. Får han halvparten av avlinga frå i fjor, skal han vere nøgd. Då var det eit rekordår.

Bonde Ola Sylte Heggset på Sylte i Surnadal