Hopp til innhold

Green Yard Group overtar Kleven verft

Green Yard Group satsar på å fortsette å bygge skip ved det konkursramma verftet i Ulstein.

Kleven verft i Ulstein

Om lag 430 er tilsette ved Kleven verft i Ulstein. No kjem det inn nye eigarar.

Foto: Per Eide

Green Yard Group overtar vidare drift ved Kleven Verft etter avtale med konkursbuet og dei involverte bankane. Det nye namnet på verftet blir Green Yard Kleven.

Det har vore tøffe dagar og stor usikkerheit for dei om lag 430 tilsette ved det tradisjonsrike verftet Kleven i Ulstein.

For 10 dagar sidan fekk dei tilsette beskjed om at bedrifta var konkurs. Sidan den tid har det blitt jobba med å finne ei løysing.

Måndag kveld var avtalen om vidare drift svært nær, og like etter midnatt som pressemeldinga som bekrefta eigarskiftet.

Sikra vidare drift

Bustyrar Bjørn Åge Hamre ville før det ikkje gi detaljar om kven dei nye eigarane var, fordi dei siste formelle detaljane mangla. Men han kunne stadfeste at det dreidde seg om eit stort, norsk selskap.

– Kjernen i avtalen er at det skal vere vidare drift ved verftet, seier Hamre.

Ifylgje pressemeldinga har Green Yard Group planar for å vidareføre verftsverksemda, og dei vil og utvide verksemda til nye forretningsområde som kan gi eit stabilt arbeidstilfang ved sidan av skipsbygging og vedlikehald.

Green Yard Group, som held til i Fedafjorden i Kvinesdal i Agder, oppgir at dei er leiande innan resirkulering av skip, men at dei ønsker å fortsette å bygge skip ved Kleven i tillegg.

– Utruleg komplisert

Bostyrer ved Kleven Verft, Bjørn Åge Hamre.

Bustyrar Bjørn Åge Hamre seier det har vore krevjande å få på plass ein avtale.

Foto: Frode Berg / NRK

Bustyrar seier til NRK at det at det har vore mange bitar som skulle på plass før avtalen med dei nye, norske eigarane kunne signerast. Mange partar var involverte, og det var parallelle forhandlingar. Samstundes skulle verftet haldast i verksemd.

– Dette er det mest ekstreme eg har jobba med. Det har vore utruleg komplisert, seier Hamre.

Fredag blei det kjent at 225 tilsette i bemanningsselskapet Kleven Maritime Contracting får jobb hos Langseth AS.

Bollestad ny sjef

Kjetil Bollestad

Kjetil Bollestad

Foto: Privat

I mars kjøpte det kroatiske selskapet DIV Group verftet. Berre fire månader etter kom meldinga om at bedrifta var konkurs.

Det skal også ha vore store samarbeidsproblem med dei kroatiske eigarane. Både finansdirektør Ola Beinnes Fosse og verftsdirektør Kjetil Bollestad har slutta i selskapet den siste tida.

No kjem Bollestad attende. Ifylgje pressemeldinga frå bustyraren er Kjetil Bollestad ny administrerande direktør.

Avtalar har havarert

I løpet av dei siste dagane har konkursbuet hatt samtaler med fleire aktuelle kjøparar, men ifylgje bustyrar har det vore vanskeleg å få til semje mellom alle partar. Fleire gongar har avtalar havarert i siste liten, men no er altså alle partar samde.

– Den nye avtalen inneber at kjernekompetansen ved Kleven Verft skal førast vidare. Den nye eigaren vil satse på berekraftige prosjekt for framtida, seier Hamre.

Dei tilsette har vore på jobb som vanleg ved verftet fram til no.

Kor mange tilsette verftet skal ha framover, er avhengig av kva nye oppdrag som kjem.

Tilsette har vore utolmodige

Både den tidlegare administrerande direktøren, Kjetil Bollestad, og tidlegare finansdirektøren, Ola Beinnes Fosse, har vore innom verftet dei siste dagane, og spekulasjonane har gått.

Klubbleiar Olav Høydalsvik frå Fellesforbundet seier at dei tilsette har vore utolmodige og lurt på om dei skal starte å leite etter nye jobbar.

– Det er gledeleg at dei har fått i hamn noko. Vi veit lite om kva det dreiar seg om, og vi er spente, seier Høydalsvik. Han meiner det viktige no er å få fleire ordrar inn, for å klare å ha full drift ved verftet.

Båtane som ligg til kai no, skal vere ferdige til hausten.

Verftet betyr mykje

Verftet si historie går nesten hundre år tilbake i tid. Kleven verft gir ikkje berre arbeid til sine 430 tilsette, dei skaper også arbeid til underleverandørar og handelsnæringa.

Ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh (Frp) seier at det har vore spente dagar, men han har hatt håp om det skulle kome ei løysing.

– Kleven betyr svært mykje for lokalsamfunnet, seier Engh.

Kjetil Bollestad

Tidlegare administrerande direktør Kjetil Bollestad har vore ved verftet dei siste dagane.

Foto: Frode Berg / NRK

Allmøte

Bustyrar Bjørn Åge Hamre skryt av dei tilsette:

– Dette hadde vi ikkje fått til utan alle dei tilsette på Kleven, bankane, kreditorane, kontraktspartar og leverandørar som har vist tolmod og gitt buet arbeidsro til å arbeide fram løysinga.

Hamre skriv at han er særs imponert over dei tilsette som har stått på i ei krevjande tid med høg usikkerheit.

Det vert kalla inn til allmøte med dei tilsette tysdag.