Hopp til innhold

Kommunane intensiverer arbeidet med å hente heim pasientar

Ålesund kommune plasserer ein eigen saksbehandlar på sjukehuset i byen for å få dei rette pasientane heim til kommunal omsorg. Det hastar med å lette på trykket før Helseplattforma skal innførast.

Ålesund sjukehus

8 prosent av kapasiteten ved sjukehusa i Møre og Romsdal er oppteken av pasientar som eigentleg skulle vere i kommunal omsorg. I samband med innføringa av Helseplattforma bed sjukehusa om at kommunane hentar desse pasientane heim.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er ikkje alle pasientar som kan reise rett heim når dei er ferdige med behandlinga si på eit sjukehus.

Nokre treng oppfølging og skal ha oppfølginga si i kommunal omsorg, enten på ein kommunal institusjon eller i heimebasert omsorg.

Men ved sjukehusa i Møre og Romsdal er 8 prosent av kapasiteten oppteken av pasientar som er ferdige med sjukehusbehandlinga. Eigentleg skulle desse pasientane ha eit kommunalt tilbod, men blir liggande.

Når ein pasient er definert som ferdig behandla, men blir liggande på sjukehuset, må kommunane betale 5.745 kroner for kvart einaste døgn pasienten blir liggande.

Olav Lødemel direktør i Helse Møre og Romsdal

Direktør Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal er klar på at det blir svært krevjande å innføre Helseplattforma i føretaket.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eit stort problem for sjukehusa

På den eine sida viser utskrivingsklare pasientar att med positive tal i rekneskapane for sjukehusa. Men det er inntekter med ein bismak. Utskrivingsklare pasientar tek kapasitet som skulle ha vore brukt på pasientar som treng spesialisthelsetenester, og ikkje den type pleie som kommunane skal yte.

– Dette er kapasitet vi gjerne skulle bruke til å behandle pasientar som treng det, sa direktør i helseføretaket Olav Lødemel under førre styremøte i Helse Møre og Romsdal.

Les også Helseplattforma: – Systemet hadde neppe blitt valt om det skulle kjøpast i dag

Opplæring i Helseplattforma i Ålesund 9. februar 2024. Vi ser frå bak i lokalet fram mot læraren. Det lyser frå mange dataskjermar og vi ser ryggane til 7 elevar som sit konsentrert og får opplæring i Helseplattforma

Kritisk i samband med innføringa av Helseplattforma

Heile denne saka blir sett på spissen i samband med innføringa av Helseplattforma ved sjukehusa i Møre og Romsdal. I desse dagar går opplæringa av personell på høggir. Ein stor del av dei tilsette ved sjukehusa sit i klasserom og kan ikkje vere ved sjukesengene på same tid.

Ekstra kritisk blir det like før og like etter innføringsdatoen den 27. april i år. Då blir all planlagt aktivitet redusert så langt som råd, og helseføretaket må leige inn 100 legar og 140 sjukepleiarar,

Og kommunane er bedne om å «hente heim» alt dei klarer av pasientar som eigentleg høyrer inn under kommunal omsorg.

Og det hastar. Snart er det påske. Og det er få arbeidsdagar att til den mest intense innføringsperioden.

Les også Håper ny rapport kan stoppe innføringa av omstridd journalsystem

Helseplattformen sykepleiere

Plasserer eigen saksbehandlar på sjukehuset

Ålesund kommune ser ut til å vere den kommunen som går lengst i å setje i verk tiltak for å «hente heim» utskrivingsklare pasientar. Kommunen plasserer ein eigen saksbehandlar på Ålesund sjukehus.

– Vi har informert Helse Møre og Romsdal om at vi ønskjer å gjere det vi kan for å kunne ta imot utskrivingsklare pasientar. Dette er eit mål for oss også uavhengig av innføringsperioden for Helseplattforma, seier kommunalsjef for helsetenestene i Ålesund, Synnøve Vasstrand Synnes.

Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes i Ålesund kommune på kontoret sitt. Ho har utsikt til Fjellstua.

Synnøve Vasstrand Synnes er kommunalsjef for helsetenestene i Ålesund kommune.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ho seier kommunen satsar på god samhandling med helseføretaket. Ålesund kommune har allereie teke i bruk Helseplattforma sjølv, og Synnes hevdar dette lettar arbeidet med å ta imot utskrivingsklare pasientar.

– Vi får til ein betre flyt i arbeidet vårt, og arbeidet med å ta imot utskrivingsklare pasientar har gått betre no i dette året vi har brukt Helseplattforma, seier ho.

Ein kommunal saksbehandlar får no arbeidsstaden sin på Ålesund sjukehus. Arbeidsoppgåva til vedkomande blir å sikre god og riktig flyt i tilbakeføringa av pasientar frå sjukehuset til kommunal omsorg.

Statistikk utskrivingsklare pasientar Helse Møre og Romsdal

Det er dei største bykommunane som har flest utskrivingsklare pasientar liggande på sjukehusa i Møre og Romsdal.

Illustrasjon: Helse Møre og Romsdal

– Gjer alt vi kan

Også Molde og Kristiansund er kommunar som gjennom tidene har hatt mange ferdig behandla pasientar liggande på sjukehusa. Kommunalsjef for helsetenestene i Molde, Tanja Thalén seier at kommunen har sterkt fokus på dette.

– Vi gjer alt vi kan til ei kvar tid for å ta ut ferdigbehandla pasientar, seier ho i ei melding til NRK.

Tanja Thalen

Tanja Thalén er kommunalsjef for helsetenestene i Molde.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Også kommunalsjefen for helse i Kristiansund kommune, Siv Iren Stormo Andersson, seier dei har god kontroll og er i dialog med Helse Møre og Romsdal om utskrivingsklare pasientar.

– Det er viktig for oss å understreke at vi heile tida, Helseplattforma eller ikkje, gjer så godt vi kan for å ta heim pasientar. Dersom nokon trur at vi spekulerer i å ha pasientar liggande, vil eg avvise det, skriv Stormo Andersson i ei melding til NRK.

– Viktig med god innføring av Helseplattforma

Kommunalsjef Synnøve Vasstrand Synnes i Ålesund understrekar at kommunen ønskjer å stille opp og at det er ein fordel for kommunane at Helse Møre og Romsdal får ein så smidig overgang til Helseplattforma som mogleg.

– Det er først når både kommunane, helseføretaka og kanskje fastlegane har teke i bruk Helseplattforma at vi får full effekt av at vi er på same journalsystem. Så dette er svært viktig for oss, seier Vasstrand Synnes til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL