Hopp til innhold

Klør det i dei grøne fingrane dine?

Gartnaren Bent Sydsæther har knepa for deg som er klar til å begynne med hagestellet.

Bent Sydsæther

Bent Sydsæther frå Viddals Gartneri i Ålesund trivst som best når våren er i emning.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Løv i hagen

Om du let lauvet liggje over vinteren, vil det gje mykje næring til jorda.

Foto: Colourbox
Stemorsblomst

Stemorsblomar er ein vårblome som toler mykje med rett stell.

Foto: Kjartan Kvien
Fruktblomstring i Standal

Det har vore ein mild og tørr vinter på Nordvestlandet. Bildet av det blomstrande fruktreet vart teke i Standal i februar.

Foto: Kjell Dybvik
Sitronmelisse

Sitronmelisse er for tida ein populær urt blant hageentusiastar.

Foto: Agnete Bjelland Tjøm / NRK

Vi har tikka oss inn i april og nokon har begynt i hagen allereie. Andre klør etter å begynne. Bent Sydsæther driv hagesenter i Brusdal på Sunnmøre og har årelang fartstid med jord under neglene.

– Rydd opp etter vinteren

Gartnaren seier jobb nummer 1 for dei med hage eller verandakasser er å rydde opp etter vinteren.

– Tida er inne for å rake bort rusk og lauv. Ein må gjerne bruke ei plenrive til å gå over plenen slik at ein får reist opp graset.

Eitt tips er å vere forsiktig, for nye spirer kan kome bort om ein går for grundig til verks. Kjem ein over slike spirer, kan ei hagesaks vere god å ha i tillegg til riva.

– Klipp busker, men ikkje alle

Sjølv om det er tidleg på årskalenderen, kan det likevel vere lurt å begynne å klippe busker og tre.

– Slik temperaturen og langtidsvarselet er no, skal det ein del til før det vert kaldt igjen over lengre tid. Ei natt eller to spelar inga rolle, så då kan ei godt setje i gong med litt klipping, seier Sydsæther.

Medan frukttre og bærbuskar kan klippast heile året, bør ein framleis vente litt med rosebuskene ettersom dei visne om det vert for kaldt.

– Kalking og gjødsling

Med mildvêret som dominerer store delar av Sør-Noreg, kan det vere ein god idé å kalke og gjødsle plenen.

– Medan gjødsla syt for at graset gror, er kalken meint for å heve pH-en i jorda. For om ein har sur jord, så får ein mose, forklarar Sydsæther ved Viddals gartneri.

Ein kan bruke to typar kalk. Det eine er granulert kalk som løyser seg raskt opp, medan kalkstein brukar lengre tid før plantene tek seg nytte av det.

– På Vestlandet er det mykje nedbør som gjer jorda sur, så her vil eg tilrå å kalke årleg. I tørrare klima som på Austlandet, held det med anna kvart år, seier Sydsæther.

– Vent med frøa

Mange kjøper blomar og set dei ut, men så er det litt frost om natta. Er det for tidleg no?

– For dei aller fleste er det for tidleg. Den første blomen dei første kjøper er stemorsblomar og små fiolar. Dei toler ned i 4–5 minusgrader. Det same gjeld for små laukblomar som ein får i potte.

Sydsæther understrekar derimot at det er for tidleg å så frø ute.

– Om du vil så frø no, bør du gjere det i vindauget eller eit lite drivhus. Ute i jorda er det berre å gløyme, seier han.

Etter kvart som temperaturane stig og telen er garantert borte, er årets vårtrend å så enkle krydderplantar og urter.

– Det går mykje i basilikum og sitronmelisse, men alt etande er verkeleg populært, seier gartneren.

– Lokale variasjonar

Litt lengre nordpå, i Averøy på Nordmøre, held leiaren i Hageselskapet i Møre og Romsdal til. Svein Kongshaug ber folk vere merksam på lokale variasjonar.

– Noko kan ein gjere, men ikkje alt. Her på Averøy er det ein tidleg vår, men det har ikkje blitt grønt enno, seier han.

– Til dømes vil eg vente med gjødslinga til det begynner å vekse på plenen, for om eg gjødslar no så vil det berre sige ned i jorda, legg Kongshaug til.

Trass i at det enno ikkje har blitt heilt grønt i hagen hans enno, synest Kongshaug april er ei fin tid til å putle i hagen.

– Det er heilt fantastisk! Det spirer litt her og der, og det ser bra ut. No håper eg berre rhododendronane har overlevd den tørre vinteren, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL