Hopp til innhold

Klaga på brot på heilagdagsfreden

Oftast gjeld klagene plenklipping eller hagearbeid. Men i dag måtte politiet be eit firma om å stanse arbeidet på ein byggeplass i Giske etter klager frå naboar som meinte heilagdagen blei forstyrra av støy.

– Meldinga kom til oss like før klokka halv ni, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Sunnmøre politidistrikt.

Han seier det ikkje er ofte dei får klager på firma, men at naboane i dette høvet klaga på det dei meiner er gjentakande og langvarig støy. Byggeplassen ligg i eit bustadfelt på Valderøya.

– Vi fekk kontakt med dagleg leiar i firmaet, og han har lova at dette ikkje skal skje igjen. Så her har det nok skjedd ein glipp, seier Sætre.

Oftast plenklipping

Sætre vil ikkje meine noko om korvidt folk flest er klar over kva som er lov og ikkje lov på søndagar og heilagdagar.

Han seier klagene som kjem til dei oftast kjem på fineversdagar, og at dei då gjerne handlar om at folk klipper plenen når andre vil ha ro.

– Det er jo slik at det er reglar som alle må forhalde seg til. Så eit godt råd er å ta omsyn til naboen din og ha ein god dialog. Slik kan det meste løyse seg på ein god måte.