Hopp til innhold

Kjøpte naust og tomt for barnehagepengar - slepp å betale tilbake

Ein privat barnehage i Ålesund brukte over 900 000 kroner til å kjøpe ein kiosk, eit naust og ei nausttomt, utan at det kom ungane til gode. Fylkesmannen slår likevel fast at dei slepp å betale tilbake.

Åse barnehage

Åse barnehage slepp å betale tilbake pengar til Ålesund kommune, trass i at Fylkesmannen langt på veg gir kommunen rett.

Foto: Øyvind Sandnes

Det har gått snart to år sidan Ålesund kommune fatta interesse for pengestraumen hos fem private barnehagar i kommunen. I fjor haust slo dei fast at fire av dei hadde brukt over fem millonar kroner ulovleg ved å kjøpe inn bilar, naust, betale ut høge lønningar og gje eigarane lukrative utbytte.

Barnehagane klaga på vedtaket, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har no avgjort saka for den første av barnehagane. Her er konklusjonen at Ålesund kommune ikkje kan krevje tilbake pengane på grunn av saksbehandlingsfeil.

Bjørn Ivar Rødal

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal seier kommunen ikkje har bestemt kva dei no skal gjere.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det viser at dette sakskomplekset er krevjande og at vi må gå endå nøyare til verks når vi vurderer kva som eventuelt skal betalast tilbake frå barnehagane, seier kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal.

– Ikkje overraska

Advokat Håkon Ramussen representerer tre av barnehagane som har vore granska dei siste to åra. Han seier han førebels ikkje har lest vedtaket grundig, men meiner umiddelbart at konklusjonen ikkje er overraskande.

Håkon Rasmussen

Håkon Rasmussen representerer tre av dei private barnehagane i Ålesund. Han meiner kommunen har utgreidd saka for dårleg.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Det viser at Ålesund kommune har gjort ein for dårleg jobb i avklaring av både jus og faktum i saka. Det har vore vår oppfatning frå tidleg av. Vi vil no søke ein dialog med Ålesund kommune for å forsøkje å avklare dette ein gong for alle, seier advokat Håkon Rasmussen.

Slår fast at grunnlaget er for svakt

I vedtaket frå Fylkesmannen kjem det fram at saksbehandlarane der langt på veg er samd med kommunen, men at det må gjerast eit grundigare vedtak, dersom kommunen skal nå fram.

– Kommunens vedtak om tilbakebetaling er mangelfullt. Dersom kommunen vil kreve tilbakebetaling, må kommunen fatte et nytt vedtak om dette i henhold til barnehageloven § 16a skriv utdanningsdirektør Alv Walgermo.

Usikre på bilar

Barnehagen i Ålesund har mellom anna kjøpt inn ein minibuss og ein personbil og ført opp at desse blir brukt i drifta. Dette meinte kommunen ikkje var tilfelle, men Fylkesmannen slår fast at saka ikkje er godt nok opplyst.

Utdanningsdirektoratet har tidlegare slått fast at private barnehagar i Noreg får 18 milliardar kroner årleg i kommunale overføringar, men at 99 av 100 aldri har hatt økonomisk tilsyn.

Les også: