Hopp til innhold

Etterlyser nasjonalt tilsyn som kan granske barnehagane

Private Barnehagers Landsforbund etterlyser eit nasjonalt tilsyn som kan sjekke at dei driv etter lova. Forbundet meiner kommunane manglar kompetansen som skal til.

Barnehagedisser

Fleire kommunar har det siste året granska økonomien i private barnehagar og kravd tilbakebetaling. Etter kort tid har Fylkesmannen oppheva fleire vedtak.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Nyleg varsla Ålesund kommune fire private barnehagar om at dei kan bli nøydde til å betale tilbake millionbeløp fordi dei skal ha tatt ut ulovleg utbytte. Ein barnehage leasa blant anna bilar og kjøpte naust.

Etter at kommunane i 2013 tok over ansvaret med tilsyn, har fleire private barnehagar i landet dei siste åra fått krav om tilbakebetaling. I mange av sakene har barnehagane klaga på vedtaka og fått medhald hos Fylkesmannen.

Administrerande direktør Arild M. Olsen i Private Barnehagers Landsforbund meiner det viser at mange kommunar manglar kompetanse til å gjere tilsyn.

Arild Magne Olsen PBL

Arild M. Olsen etterlyser eit nasjonalt tilsyn.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Vi trur ikkje kommunane er kompetente til å føre desse tilsyna, difor trur vi det blir mykje støy og bråk rundt desse tilsyna. Mange av tilsyna og rapportane som kjem blir oppheva når dei blir klaga på, seier Olsen.

Les også:

Avviser manglande kompetanse

Bjørn Ivar Rødal

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal vedgår at granskinga av barnehagane har vore krevjande, og seier mindre kommunar neppe hadde klart å gjere slike tilsyn.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Kommunalsjefen i Ålesund, Bjørn Ivar Rødal, avviser at det er kompetansen det skortar på. Han meiner tvert om at uklart lovverk er årsaka til at så mange saker endar med klagebehandling, og at eit nasjonalt tilsyn ikkje ville endre på det.

– Vi har god kompetanse både på barnehagdrift og barnehageøkonomi. Vi har folk som har jobba på området i veldig lang tid og som er rutinerte, seier Rødal.

Trur mange kommunar vegrar seg

Trond Erik Lunder

Seniorforskar Trond Erik Lunder seier det er vanskeleg for mange kommunar å granske barnehagane. Han støttar ideen om eit statleg tilsyn.

Foto: Telemarksforsking

Seniorforskar og samfunnsøkonom, Trond Erik Lunder hos Telemarksforsking, støttar ideen om eit statleg tilsyn. Han seier det er så komplisert å granske dei private barnehagane, at mange kommunar kvier seg.

– Det er kompliserte økonomiske transaksjonar i mange barnehagar og barnehagekonsern. Kommunen må hente dokumentasjon på det. Kanskje møter dei også motstand frå barnehagen, som gjer at dei må spørje både to og tre gongar, seier Lunder og legg til at eit uklart lovverk fører til mange gråsoner.