Hopp til innhold

Opphevar millionkrav mot fire private barnehagar i Ålesund

Millionar av kroner som skulle gje ungane ein betre barnehage har gått til bilkjøp, høge leiarlønningar og ulovlege lån, konkluderer Fylkesmannen. Men det er høgst uvisst om Ålesund kommune kan krevje tilbake pengane.

Bjørn Ivar Rødal

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal i Ålesund kan så langt berre sjå langt etter millionane han har kravd frå fire private barnehagar. Kommunen har brukt betydelege ressursar på granskingane, og nektar å gje seg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fire private barnehagar i Ålesund slepp førebels å betale tilbake over fem millonar kroner, som kommunen hevdar har blitt brukt på alt anna enn barnehage-drift.

Trass i omfattande undersøkingar konkluderer Fylkesmannen med at granskinga ikkje er grundig nok, og at saksbehandlarane har brukt feil paragrafar.

– Det illustrerer at kommunen sjølv har hatt store problem med å tolke og bruke regelverket. Etter vår vurdering kjem det også tydeleg fram i dei siste vedtaka, seier Håkon Rasmussen. Han er advokat for tre av barnehagane.

Håkon Rasmussen

Advokat Håkon Rasmussen hevdar kommunen har hatt problem med sjølv å tolke regelverket, og etterlyser betre dialog med kommunen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er strenge reglar for kva barnehagane kan bruke dei offentlege tilskot og foreldrebetalinga til, ifølgje Barnehagelova.

Kjøpte naust, kiosk og tomt

Ein av barnehagane i Ålesund kjøpte både eit naust, ein kiosk og ei nausttomt for pengane. Hausten 2017 slo kommunen fast at dette ikkje kom ungane til gode.

Fylkesmannen er langt på veg samd i kritikken, men konkluderte i fjor haust med at kommunen ikkje hadde gjort eit grundig nok vedtak då dei skulle krevje tilbake pengane. Kort tid etter var konklusjonen den same for to andre barnehagar. No slepp også den fjerde barnehagen å betale tilbake.

Private barnehager i Ålesund

Den private barnehagen Læringsverkstedet i Olsvika i Ålesund slepp å betale tilbake to millionar kroner. Dermed har kommunen så langt ikkje klart å drive inn ei einaste krone frå dei fire private barnehagane dei hevdar har brukt millionar i strid med lova.

Foto: Remi Sagen

Situasjonen er ikkje unik. Ein rapport frå Utdanningsdirektoratet tidlegare fast at ein einaste kommune faktisk har betalt tilbake pengar dei hadde brukt i strid med lova. Klassekampen skreiv tidlegare i år at tre barnehagar i Oslo no har gjort det same.

– Mangelfulle vedtak

Dei siste åra har store barnehagekjeder fått massiv kritikk for å gjere seg rike på lukrative statlege overføringar. 99 av 100 private barnehagar i Noreg har aldri hatt økonomisk tilsyn, trass i overføringar på over 18 milliardar årleg.

Det er kommunane som skal gjere slike tilsyn, men svært mange maktar ikkje å ta ansvaret.

– Det er eit krevjande regelverk, og det har vanskeleggjort det for oss. Men eg trur det er greitt at nokre kommunar går i brodden for å få eit klarare regelverk, seier kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal i Ålesund.

Har fatta nye vedtak

Og Ålesund kommune har ikkje tenkt å gje seg utan sverdslag. Tidlegare i år fatta dei nye vedtak om å krevje inn millionar frå to av barnehagane, og har varsla endå eitt vedtak.

Advokat Håkon Rasmussen syns ikkje det er tillitsvekkjande.

Ålesund rådhus

Ålesund kommune har fatta nye vedtak mot to av dei private barnehagane, og forsøkjer endå ein gong å få inn pengane dei hevdar er brukt ulovleg.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi forstår at kommunen ønskjer ei ryddig handtering av regelverket i sektoren, det ønskjer også dei private barnehagedrivarane. Men vi hadde håpt at dei gjorde ei grundigare vurdering før dei fatta avgjerdene, seier han.

Nyleg blei det kjent at regjeringa opprettar eit nasjonalt tilsyn med private barnehagar.