Krev tilbake over fem millionar frå fire barnehagar

Ålesund kommune meiner desse pengane ikkje har kome barna til gode. – Svakt grunngitt, hevdar advokaten til tre av barnehagane, som vil klage på vedtaka.

Trollhaugen barnehage i Ålesund

MILLIONBELØP: Trollhaugen barnehage er ein av dei fire som kommunen krev tilbake tilskot frå. Kravet til Trollhaugen er omtrent ein og ein halv million.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I eitt år har seks private barnehagar i Ålesund vore under gransking av kommunen. No hevdar dei at fire av barnehagane bryt lova.

No krev kommunen tilbake totalt 5.123.160 kroner frå dei fire barnehagane.

Krava gjeld for Trollhaugen barnehage (1.503.089 kroner), Åse barnehage (1.245.699 kroner), Borgundvegen barnehage (463.706 kroner) og tidlegare Kulur Olsvika, som no heiter Læringsverkstedet Olsvika (1.910.666 kroner).

Barnedisse

FLEIRE KRAV: Etter at kommunane i 2013 tok over ansvaret med tilsyn, har fleire private barnehagar i landet dei siste åra fått krav om tilbakebetaling. I mange av sakene har barnehagane klaga på vedtaka og fått medhald hos Fylkesmannen.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Statuerer eit eksempel

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal meiner at enkelte av utgiftene til barnehagane som er granska, ikkje samsvarer med det tilskotet skal brukast til.

Det slår kommunen også fast i vedtaka, og krev millionar betalt tilbake.

– Gjer Ålesund kommune dette førebyggande, for å statuere eit eksempel?

– Ja, vi ønsker i alle fall å få belyst kor mykje som er rimeleg årsresultat å ta ut for barnehagar, seier Rødal.

– Vi er også opptatt av at offentlege tilskot og foreldrebetaling blir brukt på barna.

Kommunen har reagert på fleire konkrete eksempel. Blant anna kjøp av naust og ein kiosk på barnehagen si rekning.

Bjørn Ivar Rødal

KREV TILBAKE: Bjørn Ivar Rødal er kommunalsjef i Ålesund. Han seier dei har gjort grundige vurderingar, og meiner dei har loven på si side. Men innrømmer også at loven er uklar, og at det blir skjønnsmessige vurderingar.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Barnehagelova slår fast at kommunar som påviser lovbrot, kan krevje tilbake pengar frå private barnehagar. Likevel er vanskeleg for barnehagane å nå fram med krava.

Ein rapport frå november viser at berre ein kommune faktisk har fått betalt tilbake pengar.

Skal klage på vedtaket

NRK har ikkje fått svar frå Håkon Rasmussen etter at dei siste vedtaka frå kommunen blei gjort offentleg. Rasmussen er advokaten til tre av barnehagane.

I det første vedtaket kravde kommunen 1,2 millionar betalt tilbake frå Åse barnehage.

Etter å ha sett over det vedtaket sa Rasmussen seg ueinig i konklusjonen, og kalla det eit svakt grunngitt vedtak.

– Mi vurdering er at Ålesund kommune bruker jussen feil, og at det ikkje er grunnlag for det vedtaket som er fatta.

– No må vi argumentere nærmare for dette i ei klage. Dette vil bli følgt opp, avsluttar Rasmussen.

Håkon Rasmussen

UEINIG: Håkon Rasmussen representerer Åse Barnehage, Trollhaugen barnehage og Borgundvegen barnehage

Foto: Synnøve Hole / NRK

NRK har ikkje lykkast med å komme i kontakt med advokaten til den siste barnehagen.

Held fram med tilsyn

Ålesund kommune har i overkant av 50 barnehagar. Det er ikkje gjort tilsyn med alle i denne omgang, men ifølge kommunalsjefen er planen å gjennomføre om lag åtte tilsyn med barnehagar kvart år.

– For oss er det viktig å vere sikre på at offentlege tilskot blir brukt til det det skal brukast til, seier Rødal.