Hopp til innhold

Klarer ikkje å kontrollere pengebruken i barnehagane

Dei private barnehagane i Noreg får over 18 milliardar årleg i kommunale overføringar. Men 99 av 100 har aldri hatt økonomisk tilsyn.

Barnedisse

Private barnehagar i Noreg får store overføringar frå kommunane, men ein ny rapport viser at svært mange syns det er krevjande å kontrollere pengebruken.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Ein ny rapport frå Utdanningsdirektoratet viser at norske private barnehagar tek imot milliardbeløp kvart år, utan å bli kika i korta. Sidan 2013 har kommunane hatt ansvar for tilsyn, men svært mange maktar ikkje å ta ansvaret.

Ole Magnus Stensrud, Kragerø

Ole Magnus Stensrud er rådmann i Skien kommune og synest generelt at tilsyn med barnehagane går bra. Men han seier den økonomiske biten er vanskeleg.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

– Det har vore vanskeleg å tolke regelverket, vedgår rådmann Ole Magnus Stensrud i Skien kommune.

I Ålesund har fire barnehagar nettopp fått varsel om at dei kan få millionkrav fordi pengane skal ha blitt brukt på høge lønningar, bilar, naust og ein kiosk. Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal vedgår at saka har vore svært krevjande.

– For dårleg

Tidlegare i haust varsla kunnskapsminister Henrik Asheim (H) ein gjennomgang av økonomien i dei private barnehagane.

konstituert kunnskapsminister Henrik Asheim.

Konstituert kunnskapsminister, Henrik Asheim (H), vil sjå på regelverket men understrekar at det er i kommunane si eigeninteresse at dei brukar ressursar for å sikre at tilsynet blir gjort på ein god måte.

Foto: NRK

– Det er oppsiktsvekkjande få, og det syner at det har vore for lite tilsyn med dei private barnehagane på dette området, seier han.

Dei siste åra har store barnehagekjeder fått massiv kritikk å gjere seg rike på lukrative statlege overføringar som skulle kome ungane til gode.

Berre ein kommune har fått tilbake pengar

Barnehagelova slår fast at kommunar som påviser lovbrot, kan krevje tilbake pengar frå private barnehagar.

I rapporten som blei lagt fram fredag, kjem det fram at Skedsmo er den einaste kommunen som faktisk har fått tilbakebetalt etter å ha slått fast at pengane ikkje kom ungane til gode.

– Dette viser at regelverket er veldig uklart. Det er også veldig vanskeleg å få ut tilstrekkeleg data frå barnehagane, og det er ganske høg risiko forbunde med tilsyna, seier assisterande kommunaldirektør, Gyrid Slettengen.

Under ti prosent har gjort tilsyn

I undersøkinga kjem det fram at berre 17 av 278 norske kommunar har gjennomført kontroll med pengebruken. 11 av dei har avdekka lovbrot, og åtte har kravd tilbakebetaling.

Arild Magne Olsen

Arild M. Olsen i Private barnehagers landsforbund meiner det er bra dersom tilsynet med barnehagane blir betre. Han meiner dagens system manglar legitimitet.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Private barnehagers landsforbund etterlyste nyleg eit statleg kontrollorgan, og meiner den nye rapporten viser at det er på høg tid.

– Vi ønskjer velkommen ein gjennomgang av reguleringane av heile sektoren, ikkje berre private barnehagar. Barnehagesektoren er avhengig av legitimitet og samfunnets tillit. I den grad styresmaktene meiner at dagens system ikkje sikrar den nødvendige tilliten, må dette på plass snarast, seier administrerande direktør Arild M. Olsen.