Hopp til innhold

Kjempar for lokalsjukehusa

Forkjemparar for sjukehuset i Kristiansund deltok i dag på ei markering i Oslo.

Demonstrasjon for lokalsjukehus

Under parolen «Ja til fullverdige akuttsjukehus» samla aksjonistar frå heile landet seg til demonstrasjon utanfor Stortinget onsdag.

Foto: Ragne Riise

Den landsomfattande demonstrasjonen er arrangert av lokale sjukehusaksjonar, fagfolk og interesserte gjennom nettverket «Folkebevegelsen for lokalsjukehusa».

Under parolen «Ja til fullverdige akuttsjukehus» samla aksjonistar frå heile landet seg til demonstrasjon utanfor Stortinget onsdag.

Der heldt også barnelege Anna Owczarz frå Kristiansund ein appell.

– Eg er her for å støtte kampen om å behalde lokalsjukehusa og for å kjempe mot den sentraliseringa av sjukehus som vi meiner skjer i dag, seier ho.

Fryktar sentralisering av sjukehusa

Det er venta at Bent Høie kjem med sin nasjonale sjukehusplan i haust. Men allereie tidlegare i år signaliserte Høie at fleire lokalsjukehus vil kunne miste nokre av dei oppgåvene dei har i dag.

Om lag halvparten av landets sjukehus risikerer å miste akuttkirurgien dersom det krevjast eit pasientgrunnlag på minst 60 til 80 000 innbyggjarar. Sjølv om Høie så langt har sagt at han ikkje har konkludert i saka enno, har signala ført til kraftige protestar.

Barnelege Anna Owczarz fryktar for konsekvensane dersom dette blir ein realitet.

– Det unike med landet vårt er at vi er spreidd over store avstandar. Mange bur på stadar med manglande fastlandsforbindelsar og der reisetida til næraste sjukehus er lang. Lokalsjukehusa spelar ei viktig rolle ute i distrikta, meiner ho.

– Kva håpar du å oppnå med å vere her?

– Vi håpar å sette fokus på problemet. Og vi håpar sjølvsagt at helsemyndigheitene høyrer på oss, seier Owczarz.

Ho meiner at kampen for lokalsjukehusa ikkje berre gjeld innbyggarane i distrikta, men også dei som bur i dei store byane.

– Eg meiner at dersom pasientane frå lokalsjukehusa skal behandlast ved dei store sjukehusa, så kan det føre til større konkurranse om plassane der og lengre ventetid. Det er viktig at folk i byane også engasjerer seg i denne saka, seier Owczarz.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL