– Eg meiner det er eit dårleg teikn når Høgre sitt landsmøte ikkje gjer eit klarare vedtak på kva dei vil gjere med sjukehusa framover, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Senterpartiet.
Før Høgre sitt landsmøte i helga låg det an til eit internt sjukehusopprør i partiet. Delar av grasrota i distrikta åtvara Bent Høie mot å fjerne kirurgen ved akuttmottaka til lokalsjukehus med færre enn 60.000 innbyggarar i sitt nedslagsfelt.
Distrikts-Høgre fekk ikkje gjennomslag for å behalde akuttkirurgien på alle landet sine lokalsjukehus under helga sitt landsmøte. Dermed er helseministeren framleis sikra eit betydeleg handlingsrom i saka.
- Bakgrunn: – Halvparten av sjukehusa er for små.
Kritisk
Om lag halvparten av landets sjukehus risikerer å miste akuttkirurgien dersom det krevjast eit pasientgrunnlag på minst 60 til 80 000 innbyggjarar.
Sjølv om Høie har sagt at han enno ikkje har konkludert, har signala ført til kraftige protester.
Høyrest vedtak slår fast at denne differensieringa ikkje skal føre til ein «unødvendig sentralisering av akutt- og fødetilbod som i dag gir tryggleik lokalt».
Klinge er likevel kritisk til vedtaket.
– Høie har signalisert at han vil gå inn for ein politikk som i praksis inneber at halvparten av landet sine sjukehus risikerer å miste akuttfunksjonen. Det er vi skeptisk til, seier ho.
- Les også:
- Les også:
Fryktar for konsekvensane
I haust kjem Bent Høies nasjonale sjukehusplan. Har har allereie signalisert at fleire lokalsjukehus vil miste nokre av dei oppgåvene dei har i dag. Stortingsrepresentanten fryktar for konsekvensane dette kan føre til.
– Det er grunn til å frykte at lokalsjukehusa også mistar fødeavdelinga, anestesi og kompetanse på indremedisin dersom sjukehusa først mistar den døgnkontinuerlege akuttkirurgien, seier Klinge.
– Vi i Sp er sterkt imot at det skal pressast slik, held ho fram.
- Les også: