Hopp til innhold

Kjem med ny rettleiar for kriseteam

Helsedirektoratet kjem til hausten med ein ny rettleiar for kommunale kriseteam. Denne bygger på nytt fagleg materiale, og erfaringar som er gjort sidan terroråtaka 22. juli 2011.

Utøya etter 22.juli

NY RETTLEIAR: Helsedirektoratet kjem med ein ny rettleiar for kommunale kriseteam til hausten. Rettleiaren er basert på erfaringar mellom anna frå terroråtaket 22. juli i 2011.

Foto: BENDIKSBY, TERJE / SCANPIX

Eirik Kursetgjerde

VIKTIG: Erik Kursetgjerde overlevde terroråtaket for fire år sidan, og han meiner det er viktig at det kjem nye retningslinjer på krisehandtering.

Foto: Brede Røsjø / NRK

– At det kjem nye nasjonale retningslinjer på akkurat dette er ekstremt viktig, slik eg ser det, seier fylkestingskandidat i Sykkylven for arbeidarpartiet, Erik Kursetgjerde.

Han er ein av dei som overlevde terroråtaket på Utøya 22. juli 2011.

– Den oppfølginga eg fekk var langt frå tilstrekkeleg, og det gjeld veldig mange andre eg kjenner også. Det må ligge til grunne betre fagkompetanse enn det er no, seier han.

Ny utgåve

I august 2011 gav Helsedirektoratet ut ein rettleiar for tiltak ved kriser, ulykker og katastrofar.

Tore Sørensen

Tore Sørensen, fungerande avdelingsdirektør i Helsedirektoratet seier at den nye rettleiaren truleg kjem i oktober 2015.

Foto: Rebecca Ravneberg

Rettleiinga vart seinare evaluert, og det vert no revidert ein rettleiar som mellom anna er basert på erfaringane etter terroråtaket 22. juli 2011.

– Den er revidert med grunnlag i røynslene etter 22. juli og oppdatert fagleg kunnskap, men òg for at den skal vere i samsvar med den nye helse- og omsorgstenestelova som vart sett i verk frå 1. januar 2013, seier fungerande avdelingsdirektør Tore Sørensen i Helsedirektoratet.

Rettleiaren fokuserer på psykososial oppfølging ved ulykker, kriser og katastrofar, og kjem truleg i oktober 2015.

– Retteleiaren er revidert slik at den no dekkjer einskildkriser i tillegg til store katastrofar og ulukker. Det er òg lagt til fleire nye område for innsatspersonell, og planar for beredskap, og den er oppdatert i samsvar med lovverket, seier Sørensen.

Nyttig med retningslinjer

Ingrid Olavsdotter Nesland er koordinator for nettverket av kommunale kriseteam i Møre og Romsdal. Nettverket vart oppretta i september i fjor haust, og er eit prosjekt som skal gå over tre år.

Nettverket skal gjere det mogleg for kriseteama i ulike kommunar til å bli betre hjelparar, og Nesland trur den nye rettleiaren kjem godt med.

Ingrid Olavsdotter Nesland

NYTTIG: Ingrid Olavsdotter Nesland er koordinator for nettverket av kommunale kriseteam i Møre og Romsdal, og ho meiner den nye rettleiaren vil vera nyttig.

Foto: Privat

– Den kjem med faglege innspel til korleis ein bør organisere, korleis ein bør laga planar, og kva som er viktig i møte med kriseramma, seier Nesland.

– Det er veldig greitt å ha retningslinjer å gå etter, så dette vil absolutt vera nyttig. Rettleiaren er forankra i det alle siste på det faglege området, så det er ein trygg forankring, seier ho.