NRK Meny
Normal

Kva kan vi lære av 22. juli?

Skuleelevar må få øving i å kunne kjenne att og forstå terrormentaliteten der han måtte vise seg.

Utøya førte til medlemsvekst i AUF

Kva ønskjer vi at komande generasjonar skal lære om terrorhandlingane på Utøya og i Regjeringskvartalet 22.juli 2011? Dette blir eit stadig meir aktuelt spørsmål for skoleverket, skriv Svein Ola Stugu, professor ved NTNU.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Kronikkvignett Ytring

Fire år har gått sidan 22. juli 2011. Det som skjedde den dagen, vil ikkje bli gløymt, til det er opplevingane for sterke. Det gjeld framfor alt for dei som sjølve var offer eller pårørande, men det gjeld også nordmenn flest, som i dagane som følgde vart inkluderte i eit nasjonalt sorgfellesskap og ber med seg sterke minne om det. Bygging av offentlege minnestader og informasjonssenter vil dessutan gjere det enda vanskelegare å gløyme.

Strid om tolkingar

Langt på veg har vi fått ei felles forståing av kva som faktiske skjedde. Ikkje minst har det grundige kjeldearbeidet i 22. juli-kommisjonen ført til at denne kunnskapen er god. I tillegg vart det lagt fram fyldig dokumentasjon under rettssaka mot terroristen. Faktagrunnlaget om 22. juli er såleis godt opparbeidd, og det som held på å bli ei standardforteljing om sjølve hendingane, er fagleg velforankra.

Likevel vil det stå strid om somme tolkingar av det som skjedde, og ikkje minst om kva lærdomar som skal trekkast av det.

LES: Hun skrev verdenskjent kjærlighetsmelding 22.juli: – Har vi glemt verdiene?

Å minnast og å lære

For å lære er noko anna enn å minnast. Læring inneber at ein får nye kunnskapar og innsikter, i mange tilfelle også at ein endrar åtferd på grunnlag av den nye kunnskapen. Kva har det norske samfunnet lært etter 22. juli? Kva burde vi ha lært meir av? Og kva ønskjer vi skal lærast av dei som veks opp og ikkje har direkte erfaring frå sorgfellesskapet?

Det er mange forsømte, rotlause ungdommar i verda, og svært få blir terroristar.

Ola Svein Stugu, professor

Det siste spørsmålet har vore lite framme i diskusjonen så langt, men det kjem til å bli stadig meir aktuelt etter som åra går. Dermed er dette også eit spørsmål som blir stadig meir relevant for skoleverket, som for kvart år som går, vil få stadig nye elevar utan personlege referansar til det som skjedde sommaren 2011. Kva plass vil og bør 22. juli ha i undervisninga i åra som kjem?

Soloterroristen

Forteljinga om det som faktisk skjedde, vil alltid ligge i botn. Men det er først når ein begynner å drøfte forklaringane på kva som skjedde, at ein kan ta stilling til om emnet fortener nokon større plass i framtidas undervisning. Anders Behring Breivik var, som vi veit, åleine om terroraksjonen. Det stod ingen organisasjon bak, slik det gjer med dagens IS-terroristar. Rett nok er det langt fleire som har delt det islamofobe, høgreekstreme tankegrunnlaget han grunngav handlingane sine med. Men han var åleine om å omsette tankane i terroristisk praksis.

Kva ønskjer vi skal lærast av dei som veks opp og ikkje har direkte erfaring frå sorgfellesskapet?

Ola Svein Stugu, professor

Flere, mellom anna forfattarar som Aage Borchgrevink og Åsne Seierstad, har i det heile hevda at det er ikkje i overtydinga, men i oppveksten, vi må søke forklaringa på at Breivik vart som han vart. Om det berre er slik, er det tvilsamt om historia om 22. juli forsvarar nokon brei plass i undervisninga. Forteljinga om Breivik er likevel noko langt meir enn ei forteljing om ein einsleg og rotlaus ung mann som vart massemordar. For det er mange forsømte, rotlause ungdommar i verda, og svært få blir terroristar.

FØLG: Facebook

Det må ei kort sagt ei overtyding til for at terror skal stå fram som ei løysing. Det er innanfor eit slikt breiare perspektiv, der ein prøvar å forklare vegen frå ideologisk overtyding til menneskefiendtleg handling, at terrorhandlingane den 22. juli blir meiningsfulle som undervisingsemne. Kva slags større bilete kan ein da plassere Breiviks terror innanfor?

Terrormentalitet

Terrorisme og massedrap finn ein mange eksempel på både i nær og fjernare fortid, og det sentrale spørsmålet er om det kan finnast nokon fellesnemnar i dei ulike tankemodellar som legitimerer terrorisme og massedrap, anten det er ny eller gammal fascisme og nazisme, salafistisk islamisme eller for den saks skuld utopisk kommunisme. Er det mogleg å skilje ut noka form for allmenn terrormentalitet?

Det er grunn til å vere på vakt når tankemodellen opererer ikkje berre med eit generelt ”dei andre”, men med eit utvald ”dei” som blir gitt særleg velutvikla negative eigenskapar.

Ola Svein Stugu, professor

Det som har gjeve oss reiskapar til å forstå den stegvise utviklinga av ein terrormentalitet, er framfor alt studiet av korleis tysk antisemittisme i nazi-tida kunne konverterast til systematisk folkemord. Eit første, naudsynt steg i utviklinga er at det blir drege eit eintydig skilje mellom ”oss” og eit ”dei”. Dette er eit allment kjenneteikn ved all nasjonalisme, og treng ikkje i seg sjølv å føre vidare. Men det er grunn til å vere på vakt når tankemodellen opererer ikkje berre med eit generelt ”dei andre”, men med eit utvald ”dei” som blir gitt særleg velutvikla negative eigenskapar.

LES OGSÅ: «En av oss»: En bok som ber om etisk oppmerksomhet

Den dehumaniserte fienden

Eit neste steg er at ”dei”-gruppa blir definert som fiendar, anten openlyst, eller – enda skumlare – som ei gruppe som arbeider fordekt for å undergrave ”oss” og våre verdiar. I striden mot slike undergravande krefter og i forsvaret for eigne verdiar vil det da vere både rett og rimeleg å ta i bruk drastiske middel.

Breivik er ikkje berre eit enkelttilfelle, men ein representant for ein tenkemåte vi finn att også i andre klede.

Ola Svein Stugu, professor

Drastiske tiltak blir lettare å forsvare om vi fråkjenner ”dei” menneskeverd og i staden karakteriserer dei som lopper og andre skadedyr, slik mellom anna ekstrem hutu-propaganda gjorde med tutsiane før folkemordet i Rwanda i 1994. Ei tilsvarande dehumanisering låg også bak når titusenvis av tyskarar ikkje berre godtok jødeutryddingane under krigen, men sjølve tok aktivt del i dei.

Ei gruppe som fortener særleg forakt, er svikarane, dei som burde ha skjønt betre, men som likevel stiller seg til rådvelde for fienden. For Breivik var det AUF. For IS er det mellom anna sjiamuslimane. For 1930-åras stalinistar var det framfor alt trotskistane.

Å møte terrormentaliteten

Breivik er såleis ikkje berre eit enkelttilfelle, men ein representant for ein tenkemåte vi finn att også i andre klede, og som når omstenda er til stades, kan leie fram til terror og massedrap. Det er utfrå eit slikt perspektiv det vil kunne forsvarast å gje brei plass til 22. juli-hendingane i skoleundervisninga. Elevane må få øving i å kunne kjenne att og forstå terrormentaliteten der han måtte vise seg, og kunne forstå korleis denne mentaliteten skal kunne møtast med kunnskap og open drøfting.

Dette gjeld ikkje berre skolen, men samfunnet som heilskap. Kulturell beredskap er eit element i det samla beredskapsarbeidet i samfunnet. Sett inn i ein slik kontekst blir det viktig å forstå og forklare 22. juli også for komande generasjonar.