Hopp til innhold

KBK på raud liste, i møte med kommunen

Kristiansund Ballklubb er i NFF sin raude, økonomiske kategori per juni 2013. Onsdag var klubben i møte med kommunen.

Kjetil Thorsen

Kjetil Thorsen, dagleg leiar i Kristiansund Ballklubb, er klar på at klubben er svært langt frå krise.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi er i raud kategori fordi vi har negativ eigenkapital, og vi jobbar med å få den vekk, seier Kjetil Thorsen, dagleg leiar i KBK.

Kristiansund Ballklubb var éin av fire klubbar i 1. divisjon som var i «kategori 1», eller raud sone, då Noregs Fotballforbund presenterte rekneskapstal 7. oktober.

Onsdag var han og klubben i samtalar med Kristiansund kommune.

– Det var langt frå noko krisemøte. Det var eit informasjonsmøte, seier Thorsen.

Kristiansund rykte opp til 1. divisjon i fjor , og har hatt suksess og kjempar no om ein kvalikplass til Eliteserien. Det har derimot kosta.

Stadionplanar i fokus

I møtet med kommunen blei økonomien tatt opp, men Thorsen seier til NRK at det ikkje var hovudfokus.

– Vi har krav om at vi må ha ein lisensiert fotballstadion. I år har vi dispensasjon frå NFF, men vi må legge nytt dekke om vi skal få halde fram på Idrett.

Heimearenaen i dag, Idrett, er langt frå krava om spel i norsk toppfotball. Nye stadionplanar er derimot på plass, sjølv om det nyleg viste seg at planane blei alt for dyre .

No jobbar altså KBK mot nye planar, i tillegg til ein jobb for å bli kvitt den negative eigenkapitalen.

Dei tre andre klubbane frå Møre og Romsdal i toppfotballen, Molde, Aalesund og Hødd, var alle i gul kategori. Sjå heile oversikta her.

KBK stadion

Den nye stadionet viste seg å bli for dyr.

Foto: Arild Holm/Tegneassistenten

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL