Hopp til innhold

Ny stadion i Kristiansund vert for dyr

Urealistiske planar gjer at Kristiansund ballklubb no går nye rundar for å få til eit nytt stadion.

KBK stadion

Slik kan KBK sin nye stadion sjå ut.

Foto: Arild Holm/Tegneassistenten

Kristiansund har planar om å bygge nytt stadion for toppfotball ved flyplassen. Dagens stadion oppfyller ikkje krava til Norges Fotballforbund, og i dag må dei ha dispensasjon for å kunne huse 1.-divisjonskampar. Målet var at stadion skulle vere klar neste år, men slik går det ikkje.

Tysdag hadde Kristiansund Stadion styremøte og der kom det fram at den planlagde stadion vert altfor kostbar.

– Det viser seg at dei planane klubben har er for dyre. Vi har fått inn fleire tilbod, men prisane er for høge, seier Runar Wiik. Han er styreleiar i Kristiansund Stadion AS.

Urealistiske planar

Klubben hadde planar om eit stadion med plass til 3200 tilskodarar, restaurant, VIP-område, butikk og kontor.

Dermed må styret gå ei ny runde med ulike entreprenørar for å få inn meir realistiske tilbod. Dei vil ikkje basere den nye stadionet på lån, men satsar på Tippemidlar, gåver og kommunal stønad.

– Vi vil bygge eit mindre anlegg, men framleis skal det vere det vere eit bra anlegg, seier Wiik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL