NRK Meny
Normal

– Over tid skal Kristiansund vere ein fotballby i toppfotballen

Ukjend og nyopprykka motstand, krydra av tett snøvêr og kulde. Likevel møtte 1700 menneske opp til Kristiansund si serieopninga i 1. divisjon. Engasjementet har ulma, meiner Kjetil Thorsen.

Publikum jublar på Idrett

Stor jubel på Idrett, då KBK sin første seriekamp i 1. divisjon blei spelt søndag. Kampen enda med siger 3-1 over Elverum.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er ein heilt enorm fotballinteresse her i Kristiansund, men før har det ofte gått i store norske og engelske lag.

Det seier dagleg leiar i Kristiansund Ballklubb, Kjetil Thorsen.

For norsk 2. divisjon stiller ikkje alt av fotballsug i eit menneske. 1. divisjon derimot ...

– Folket her er stolte av regionen, byen og laget. Det har ligge og ulma under overflata, og no blomstrar det. Ein ser både mørkeblå skjerf og drakter oftare og oftare, fortel ein blid Thorsen.

Kjetil Thorsen

Då Kristiansund Ballklubb sikra opprykket i fjor haust var dagleg leiar Kjetil Thorsen ein av mange som var rørt til tårer. No vil han, saman med byen, ta Kristiansund berre éin veg vidare.

Foto: Roar Halten / NRK

14 lange venteår

For no har Kristiansund endeleg fått eit fotballag opp i toppfotballen igjen. etter 14 år med venting.

Sist gong Kristiansund hadde eit lag på nest øvste nivå var i 1999. Clausenengen rykka opp i 1998, før det blei nedrykk på første forsøk i '99. Kristiansund Fotballklubb var oppe sist i 1990 og 1991, før dei rykka ned.

I 2003 blei Clausengen og KFK slått saman til Kristiansund Ballklubb, med eit mål om å nå toppfotballen.

Det blei opprykk til 2. divisjon på første forsøk i 2004, men det gjekk heile åtte år før opprykket til 1. divisjon var i boks.

Saka held fram under videoen.

Kristiansund debuterte i 1.divisjon med å slå Elverum 3-1 hjemme. Her oppsummerer trener Geir Bakke kampen.

Se intervju med trener Geir Bakke etter seieren over Elverum.

Har imponert stort, og blir tippa høgt

Opprykket frå 2. divisjon, avdeling 2 var av den imponerande sorten – 18 poeng føre nummer to.

KBK sin vinter, oppkøyringa inn mot 1. divisjon, har vore like imponerande:

Geir Bakke

KBK-trenar Geir Bakke har lagt merke til at klubben har blitt tippa høgt i 1. divisjon.

Foto: Roar Halten / NRK

Dei spelte uavgjort 0–0 mot AaFK, slo cupmeister Hødd 2–0 og banka seriemeister Molde 5–0. Så blei det tap 1–0 mot Træff, før Byåsen, Strømmen, Bryne og Valur blei slått. I siste test før seriestart blei det 1–1 mot Ranheim.

Tre baklengsmål, seks sigrar, to uavgjort og eitt tap i oppkøyringa er fasiten. Det har ført til at KBK er høgt førehandstippa i årets Adeccoliga.

– Nokre har tippa oss på tiandeplass, nokre på sjuande. Vi registrerer at nokre har tippa oss veldig høgt, noko som er hyggjeleg. Men målsetjinga vår er å tilpasse oss nivået og å halde plassen, kommenterte trenar Geir Bakke etter opningssigeren mot Elverum søndag.

1700 møtte opp

Bakke var i godt humør etter kampen, for det blei siger 3–1. Jan Banan Tømmernes, Tor Erik Torske og Jean Alassane Mendy skaut KBK opp til 3–0 i første omgang. I andre omgang reduserte Elverum ved Martin Brekke.

– Vi vinn 3–1 her på heimebane, med mykje folk på tribunane. Eg håper alle kjem tilbake neste gong òg, smilte Bakke i prat med NRK etter kampen.

For nærmare 1700 menneske møtte opp, sjølv om snøen lava ned. I 2. divisjon har kanskje 5–600 menneske møtt opp.

– Ja, det er vel over tredobling. Vi kjem vel til å vere over gjennomsnittet når det gjeld tilskodarar i Adeccoligaen, seier dagleg leiar Kjetil Thorsen.

– Vi er heldige som er lag for ein by og region, og ikkje ein drabantbyklubb med ein storebror i same by. Heile byen, og forhåpentlegvis heile Nordmøre, blir samla rundt laget.

Kristiansund Ballklubb slo Skeid 3-0 i opprykkskampen. Sjå måla, jubelscenene og intervjua her.

Her er scoringane og jubelintervjua etter at KBK sikra opprykket til 1. divisjon i september 2012.

– Det kjem til å bli utselt

KBK har selt over 900 sesongkort. Med 1700 på første seriekamp i 1. divisjon på 14 år, mot nyopprykka Elverum, ser Thorsen føre seg to runde tal.

– 1000 selte sesongkort og 2000 tilskodarar jamt på kamp?

– Eg trur nok mange såg at det lønner seg å gå til innkjøp av sesongkort, slik at ein er sikra plass. For det kjem til å bli utselt her, og det har aldri skjedd før, seier Thorsen.

For Elverum er intet kjent lag for den jamne fotballsjåar. Bodø/Glimt, Fredrikstad og Sandefjord derimot ...

– Desse laga er meir forankra i folk flest. 2200 er totalkapasiteten vår, så det kjem til å bli utselt. Med sommar og sol i tillegg blir fotballstemninga fantastisk i Kristiansund.

Saka held fram under bildet.

Paige, Kerry og Johnny

Paige Eriksen (t.v.), Kerry Jeffries og Johnny Eriksen er blant dei verkeleg hardbarka KBK-supportarane. Dei er med i supporterklubben 'Uglan', der Johnny er tidlegare leiar.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Betyr alt å vere tilbake

Mange frammøtte, men få verkeleg hardbarka KBK-supporterar. Familien Eriksen er blant dei harde.

Heile familien er med i supporterklubben «Uglan». Johnny Eriksen er tidlegare leiar, og gliser stort i prat med NRK før første seriekamp etter opprykket.

– Det betyr alt å vere tilbake. No er det snart slutt på at vi skal vere veslebror. Vi skal vere med å kjempe vi òg.

– Det er plass til tre lag frå Møre og Romsdal i Eliteserien?

– Ja, det må det vere. Ålesund og Molde har lag i Tippeligaen, så kvifor skal ikkje vi? Til og med Hødd har vore oppe, så det skal vere fullt mogleg for oss, smiler Eriksen – som gir KBK fleire år før steget vidare opp skal takast.

– Men kanskje kvalik i år?, avsluttar supporteren.

Fotballby i toppfotballen

Dagen derpå i Kristiansund, med siger og entusiasme rundt klubben, er ei perfekt opning på eit nytt tilvere i 1. divisjon.

For der har klubben ein plan om å bli verande.

– Vi har jobba for å halde nivået i heile vinter, og mot Stabæk neste helg får vi vite litt meir kor landet ligg. Det blir tøft kvar einaste helg framover, men vi skal bite oss fast i Adeccoligaen, fortel trenar Bakke.

– Over tid skal Kristiansund vere ein fotballby i toppfotballen. No er jobben for å nå dit i gang!

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.