Hopp til innhold

– Satsar på hinder nesten utan trening

Karoline Bjerkeli Grøvdal avslører at ho har bak seg berre to økter med hinder-trening før årets Bislett Games. Likevel er det 3000 meter hinder ho satsar på. Dette kan også bli ein av distansane hennar under VM.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

Karoline Bjerkeli Grøvdal satsar på hinder, nesten utan å ha trent på distansen i det siste. Ho meiner løpskapasiteten kan gje ho eit godt resultat sjølv om ikkje teknikken er heilt på plass.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Torsdagens løp under Bislett Games blir dermed avgjerande for kva distansar Karoline Bjerkeli Grøvdal vil stille opp i under VM. Slik situasjonen ser ut no er 10.000m uaktuelt. Valet handlar om ho skal springe 5000m flatt eller 3000m hinder.

No er ho klar til å kaste seg ut i den store testen på Bislet på torsdag.

– Eg trur det kjem til å gå svært fort. Det er først og fremst løpsforma som er avgjerande for kor godt ein gjer det under 3000 meter hinder, seier Bjerkeli Grøvdal til NRK.

– Stor risiko for skade

Men Karoline Bjerkeli Grøvdal har knapt trent hinder så langt denne sesongen. Ho er dermed svært spent på korleis dette skal gå. Årsaka til at ho har trent så lite på denne distansen er rett og slett risikoen for skade.

– Det er absolutt stor risiko for skade i hinder. Dette har vore utfordringa mi. Eg må trene litt på distansen, men samstundes så lite som mogleg for ikkje å pådra meg noko. Eg har eigentleg ikkje trent nok hinder for å tole dette, seier Grøvdal til NRK.

Bjerkeli Grøvdal seier ho har trent to økter, der ho har hoppa over hekkane og har forsert vanngrava. Utfordringa er at hoppa fører til ei langt sterkare belastning enn flat løping.

– Vil slå rekorden

Men kor fort ho må springe på torsdag har ho verken skrive ned eller meisla i stein. Tida må nok ligge på rundt den norske rekorden hennar på 9.33.

– Det er målet mitt å ta den rekorden. Eg veit at eg er betre løpsmessig enn nokon gong, seier Karoline Bjerkeli Grøvdal til NRK.

Ei rekkjer ekspertar har alt byrja å snakke om at Karoline Bjerkeli Grøvdal kan sikre seg sigeren på Bislett torsdag.

– Eg spring alltid for å vinne. Og eg likar ikkje å bli slått. Klarer eg å henge med slik at eg kan slå til med avslutninga mi, då skal eg vere med heilt der framme.

PK Bislett Games Opra Hotell.

Karoline Bjerkeli Grøvdal lengst til venstre under pressekonferansen framfor Bislett Games. Ved sida si Isabelle Pedersen og Hedda Hynne.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Vil prege løpet

Karoline Bjerkeli Grøvdal skal altså springe eit Diamond League – løp der ho no har sjansen til å vinne. Det er litt uvandt for henne.

– Ja, dette blir litt annleis enn dei løpa eg har vore med på før. Det er veldig gøy å kunne vere med i eit slikt løp der eg kan vere med og prege løpet.

Karoline Bjerkeli Grøvdal har inne VM-kravet på 10.000 m, 5000m og 1500m. Torsdag skal ho også ha klart kravet i hinder.

– Kan bli hinder i VM

Ifølgje tidsplanen i VM er det mogleg å kombinere 1500m og 5000m eller 1500m og 3000m hinder. 10.000m er mest sannsynleg uaktuelt. Men det er altså fullt mogleg at det blir start i hinder for Bjerkelig Grøvdal under VM.

– Det er ti år sidan eg sette den norske rekorden på 3000 meter hinder. No hadde eg lyst på denne utfordringa igjen. Eg vil teste ut kor god eg kan vere på denne distansen. Og det er litt kynisk, fordi det ikkje er så høgt nivå på hinder som på den vanlege 5000-meteren i VM.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL