Harald Torseth som er leiar av Automatisk Trafikkontroll-sentralen på Hustad, seier det straffar seg å ikkje betale. I saker der folk ikkje vil betale, blir det oppretta straffesaker som blir sendt til etterforsking.
Slepp ikkje unna
Det går altså ikkje an å lure seg unna eit forenkla førelegg. Saka blir følgd opp, og for trafikksyndaren blir konsekvensen at han eller ho får eit ordinært forelegg og dermed hamnar i bøteregisteret i nokre år.
Dersom heller ikkje det ordinære forelegget blir vedtatt, går saka vidare til domstolen. Då kan trafikksyndaren i tillegg til bota også bli ilagt sakskostnader, slik at det heile blir dyrare enn om det forenkla forelegget hadde blitt vedtatt med ein gong. I tillegg hamnar ein i strafferegisteret, og ein brukar både av eiga og av politiet og påtalemakta si tid.
Får konsekvensar
Det beste er difor å vedta det forenkla førelegget med ein gong, seier Torseth, for hamnar ein i bøtrergisteret kjem det på rullebladet. Det kan få konsekvensar dersom ein treng politiattest ved jobbsøknad, eller skal reise til utlandet. Ein del land tolererer heller ikkje at ein har noko på rullebladet dersom ein skal ut og reise.
– På alle måtar så er det lurt å vedta eit forenkla forelegg når ein først har køyrt for fort, seier Torseth.