Hopp til innhold

Kan avgjere gullkampen i kveld

Molde har sju poeng forsprang på Tromsø. Møtet i Ishavsbyen kan avgjere gullkampen i Eliteserien.

Angan

VIKTIG FOR MOLDE: Davy Claude Angan og dei andre spissane til Molde kan bli avgjerande i kampen mot Tromsø, trur NRK-kommentator Arne Flatin.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

- Landets beste heimelag ventar Molde i Ishavsbyen, seier NRK sin fotballkommentator Arne Flatin.

- Tromsø er veldig gode på Alfheim, og det veit nok Ole Gunnar Solskjær, seier han.

Molde tåler tap

Tromsøs Per Mathias Høgmo (t.h.) og Moldes Ole Gunnar Solskjær

GULL-DUELLANTAR: Ole Gunnar Solskjær (MFK, t.v.) og Per Mathias Høgmo (TIL) kan avgjere gullkampen i Eliteserien søndag kveld.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

- Samstundes er det eit godt Molde-lag som reiser nordover, legg han til.

Molde har sikra seg elleve poeng på dei siste fem kampane i Eliteserien. Vertane i Tromsø har same perioden teke ti poeng. Tromsø står etter 24 runder med same poengsum som Rosenborg, og poeng mot Molde blir viktige.

- Molde kan greie å ta gull sjølv om dei taper, men taper Tromsø er det nok avgjort, seier Arne Flatin.

- Tromsø må angripe og gå i strupen på MFK. Dermed kan Molde bruke sin styrke i kontringane. Med gode pasningar fram til raske spissar kan dei få dei sjansane dei treng for å vinne, seier Flatin.

Molde-hjelp frå AaFK

Tidlegare denne veka spelte Tromsø mot Aalesund. Det enda med tre poeng til sunnmørsklubben , og dermed ei hjelpande hand til MFK.

No blir kampen mot Molde viktig for Tromsø.

- Tromsø kan sikre seg gullet i år, men då må dei vinne mot Molde, trur Flatin.