Hopp til innhold

Rekdal unner Molde seriegull

AaFK-trenar Kjetil Rekdal unner Molde seriegull i år. Og i torsdagens kamp mot gullrival Tromsø kan Rekdal og AaFK langt på veg sørgje for at romsdalslaget tek sitt aller første seriemeisterskap.

Video Rekdal går for Molde

Molde har så mykje sølv at dei fortener å ta gull ein gong.

Kjetil Rekdal, AaFK-trenar

Godt humør

Kjetil Rekdal

Rekdal deltok med stor iver under dagens AaFK-trening.

Foto: Arne Flatin / NRK

På AaFK-treninga i dag var trenar Rekdal gira. Han deltok med liv og lyst på firkant i oppvarminga. Humøret i AaFK er på topp to dagar før dei nesten kan sikre seriegullet for erkerival Molde.

For slik er situasjonen når gullrivalen Tromsø kjem på sunnmørsbesøk torsdag kveld til den utsette eliteseriekampen. Og romsdalingen og ex MFK-spelaren unner erkerivalen gullet.

– Ja, det vil vere hyggjeleg for Molde, og for oss som treng poeng. Vi kan ikkje drive å tenke på at vi hjelper den og den. Vi må konsentrere oss om å hjelpe oss sjølve, seier Kjetil Rekdal.

Men han legg raskt til.

– På den andre sida, Molde har så mykje sølv at det er fortent at dei får gull ein gong. No har dei ein veldig stor sjanse til å ta det. Og dei fortener det om dei held fram å spele som dei har gjort til no.

– Gullet nærast sikra

Kjetil Rekdal, trenar AaFK.

Kjetil Rekdal unner kompis Ole Gunnar Solskjær seriegull.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dersom Aalesund skulle slå Tromsø torsdag kveld er det berre seks rundar igjen, og då meiner Rekdal at gullet så å seie er på plass hos kompisen Ole Gunnar Solskjær i Molde.

– At Molde brått skal tape tre av dei siste seks, det slit eg fælt med å tru på. Så alt tyder på at Molde blir seriemeister, men dei må ta meir poeng for å bli det.

– Så lenge kampane ikkje er spelt, så kan det sjølvsagt skje eit eller anna, seier Rekdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL