Hopp til innhold

– Det blir som to fuglekasser som skal henge i fjellsida

Juvet Landskapshotell i Norddal skal utvide. To nye rom skal byggjast, og ifølgje hotelleigar Knut Slinning blir romma – ikkje overraskande – svært særeigne.

Juvet - tre, glass og natur

Juvet Landskapshotell i Norddal har vunne fleire arkitekturprisar sidan opninga i 2008. Behov for fleire enkeltrom gjer at hotelleigar Knut Slinning no skal utvide med to hotellrom.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Når vi først skulle byggje noko nytt, så måtte vi byggje noko som var meir spesielt enn det vi hadde frå før. Og kanskje litt meir spesielt.

Knut Slinning fortel oppglødd om utvidingsplanane for Juvet Landskapshotell, like ved Valldøla i Norddal kommune.

Enorm utviding – i alle fall i prosent

To hotellrom. For eit vanleg hotell er ikkje to rom allverda. For Juvet er det derimot ei enorm utviding.

Knut Slinning

Knut Slinning, eigar av Juvet Landskapshotell, fortel om utvidingsplanane.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Frå før består hotellet av sju særeigne hotellrom, alle på mellom 25 og 30 kvadratmeter, plassert midt ute i naturen.

I tillegg er der ein eigen gard med meir overnattingsplass, samt ei eiga spaavdeling ute i naturen.

Dei sju romma er teikna av arkitektane Jensen & Skodvin. Dei skal òg stå bak dei nye romma.

– Eg trur dei er svært fornøgde med å få ei ny, lita utfordring, seier Slinning til NRK.no.

Saka held fram under bildet.

Juvet Landskapshotell

Juvet Landskapshotell stod ferdig i 2008. Fem år seinare blir hotellet utvida frå sju til ni hotellrom. Utsikta i dei nye hotellromma skal det heller ikkje bli noko å seie på, ifølgje Slinning.

Foto: Per Eide

Faktisk behovsprøvd

Juvet er nærmast som kunst i hotellform. Hotelleigaren er klar på at han ikkje har enorme utvidingsplanar.

– Her er mykje plass, og gode område er regulert. Men det er eit poeng å halde det innanfor rammene, slik at det blir individuelle gjestar. Vi har ingen ambisiøse utvidingsplanar.

Likevel er dei to nye romma på grunn av eitt spesielt behov.

– Det er behov for fleire enkeltrom. Når vi har grupper som ønskjer enkeltrom føler vi at vi er akkurat litt for små. Det er hovudgrunnen til utvidinga.

– Det er ikkje nødvendigvis for å auke kapasiteten, meddeler Slinning.

Saka held fram under bildet.

Spaavdelinga på Juvet

Spaavdelinga på Juvet Landskapshotell i Norddal. I løpet av 2013 kan det bli gjesta av i alle fall to fleire menneske på same tid.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Skal vere stas å krype opp

Ei stor utviding, men i volum er utvidinga lita. For dei nye romma blir ikkje av den store sorten.

– Det blir som to fuglekasser på nokre få kvadratmeter, som skal henge litt oppe i sida bak hotellet. Oppe i ei lita fjellside som er der.

– Det verkar nesten som folk ber om å få det trongt?

– Det vil tida vise. Vi trur dette også vil vere ein ålreit plass for folk å bu og føle at dei er i kontakt med naturen.

– Tanken er at det skal vere så spesielt at folk vil synest det kan vere meir stas å krype opp dit enn å gå ned i eitt av dei andre romma, seier Slinning.

Håp om ferdigstilling til sommaren

I augneblinken ligg dei litt bak skjema, men håpet er å få ferdigstilt dei to nye romma før sommaren kjem.

– Til sommaren eller i løpet av sommaren.

– Det er ikkje store jobben. Når ting er klart, og vi har fått teikningane, så kan det gå ganske fort, meiner Slinning.

Målet er i alle fall at alt skal stå ferdig til sommaren og turistsesong, og at Juvet Landskapshotell skal ha ni rom plassert midt ute i Sunnmørs-naturen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL