Hopp til innhold

Jublar over at Staten tek rekninga

Energi- og miljøkomiteen på Stortinget går inn for at Staten skal ta rekninga for investeringa i samband med overvakinga av Åkneset og fjellpartiet Mannen i Rauma.

Mannen borerigg

Åknes/Tafjord Beredskap, som blant anna overvaker Mannen i Romsdalen, får Staten som eigar.

Foto: Åknes/Tafjord-prosjektet

Frank Sve

Frank Sve, som er styreleiar i selskapet, er letta over at Staten tar over.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Styreleiar Frank Sve i Åknes/Tafjord Beredskap jublar over at Staten tar over rekninga. I dag er det fylkeskommunen og fleire kommunar som står som eigarar, men det blir no forandra.

Saka skal formelt opp i Stortinget fredag, men Sve er trygg på, og glad for, at Staten overtek.

– Dette er tidenes julegåve til innbyggjarane i skredutsette kommunar.

Staten får no ansvaret for overvaking og kartlegging, og kommunane tar beredskapssida. Sve meiner at Staten får ein kjemperessurs som er nyttig over heile landet.

Unikt selskap

Han fortel at dette dreier seg om å sikre liv og helse til mange tusen innbyggjarar i dei skredutsette kommunane. Han meiner at Åknes/Tafjord Beredskap er eit unikt selskap som Staten kan overta nøkkelferdig.

– Dette gjer at folk kan bu og utvikle bygdene som før. Selskapet er unikt i Noreg, men også i internasjonal målestokk, seier Sve.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Venstre, KrF og regjeringspartia er einige med NVE om at Staten skal overta Åknes/Tafjord Beredskap. Energi- og miljøkomiteen meiner også at kommunane Stranda og Rauma må få kompensert for investeringar som er gjort med låneopptak.

Lang prosess

Denne prosessen starta allereie i 2003. Eigarane av Åknes/Tafjord Beredskap har arbeidd med at Staten skal ta over ansvaret lenge. Ifølgje Sve har kommunane sjølve hatt eit stort ansvar og brukt mykje pengar på sikkerheita til innbyggjarane langs Storfjorden på Sunnmøre, i Rauma og i Nordnes i Troms.

Det einaste som stod igjen var at å få Stortinget til å bestemme at Staten skulle ta over selskapet, og også betale for det. Ifølgje Sve skjer dette no fordi dagens politiske leiing på Stortinget har skjønt kva saka dreier seg om.

– Det handlar om liv og helse. Det er heilt openbart at Staten bør ha heile ansvaret. Dei har ressursane og kapasiteten til å takle ei stor hending, som til dømes når Mannen eller Åkneset rasar, seier Sve.

Til no har Staten dekt 70 prosent av kostnadane, medan kommunane har dekt resten.

Følg direktebilde frå Mannen i Romsdalen under.

Mannen 3. november

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL